MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Brannførebygging på Nordbygda skule

- Oppdat. 17.10.07 -

 

Elevane saman med Leif-AtleNGIB - (Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggande avdeling) vart etablert hausten 2000. NGIB er eit samarbeidsprosjekt mellom Gulen, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Modalen, Masfjorden, og Solund. Avdelinga har som arbeidsoppgåve å utføre tilsyn med slike objekt som skulen og drive med informasjon og motivasjon.

 

I den forbindelse er det og eit mål å besøka alle 1. og 6. klassingane samt barnehagane i kommunane. For denne aldersgruppa vert det fokusert på eld, røyk og varsling, samt at alle kjem seg trygt ut av bygningen.

Når undervisninga er ferdig får elevane diplom og brannhjelm, noko dei set svært pris på. Til slutt får elevane ein brosjyre der dei saman med forelder og føresette snakkar om branntryggleiken i heimen.

I tysdag 9. oktober var turen komen til 1. kl. ved Nordbygda skule i Masfjorden kommune.
Leif-AtleTræland frå NGIB var tilstades og informerte.

 

Leif-Atle opplyser at 1. klassingane ved Nordbygda skule var engasjerte og lærevillige og seier at det er viktig å få inn forståing for brannførebygging så tidleg som mogeleg.

Sandnes skule skal ha besøk den 26. oktober og Matre skule den 14. november.

Det er laga video om temaet. Videoen er teken opp på Sagstad skule i Meland (år 2003) med 1. klassingane i hovudrolla. Den er nyttig for her kan både voksne og barn læra viktige ting om grunnleggande brannvern.

For å spele videoen treng du Windows Media Player eller Quick Time. Om du ikkje har ein av desse frå før kan du laste desse gratis ned frå internett ved å klikke på ein av lenkene under.

Last ned videoen (12 Mb)

 

Last ned Windows Media Player
Last ned Quick Time

 

Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: Bjørn Egil Nordland

Video: Reidun Sagosen


 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen