MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Brannundervisning for elevar i 6. klasse

- Oppdat. 23.02.09 -

 

Elevane syner fram brannvernsetifikat og kontrollskjema

 

Leif Atle demonstrerer stabilt sideleie for opning av luftveganeDen årvisse brannundervisninga vert avhalde i regi av NGIB førebyggjande avdeling. I løpet av 6 veker skal nærare 600 elever på 33 skular i regionen gjennom opplegget. Det er avd. leiar Leif Atle Treland og branninspektør Frode Langeland som står for undervisninga. Tysdag den 17. februar var turen komen til Nordbygda skule.

 

Undervisninga er todelt og inneheld 2 skuletimar teori, og 1 time praktisk sløkking. Den teoretiske delen set hovudfokus på tema brannsikkerheit i heimen, i tillegg vert det undervist i førstehjelp og trafikktryggleik. Alle elever får sjølv bruka skumapparat til å sløkkja ein flamme.

 

Hovudmålet med undervisninga er å få elevane til å skapa gode haldningar slik at brann ikkje oppstår, og å få kjennskap til dei typiske brannfarane i heimen.

 

Etter avslutta undervisning får ein utstedt brannvern sertifikat og kontrollskjema med seg heim, slik at dei saman med føresette kan sjekke branntryggleiken heime.

 

Elevane får prøva brannslukking

 

 

 

Tekst og foto: Frode Langeland

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen