MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Aktivitetsdag på Nordbygda skule

- Oppdat. 29.04.08 -

 

Fallskjerm og fellesskap

 

FløytelagingTorsdag 24. april var alle elevane i 1.-4. klasse i Masfjorden samla på Nordbygda skule. Målet er at barna i Masfjorden skal bli betre kjende med kvarandre. Iniativet kom frå Matre skule forrige skuleår, då dei arrangerte aktivitetsdag for same aldersgruppe.

 

I første del av dagen fekk elevane vere med på ulike aktivitetar på skuleplassen: Sparkesyklar, gå på stylter, smashball, bordtennis, hoppe tau, jo-jo, badmingtor og ulike øvingar med fallskjerm. Etterkvart kjende me ei god grillukt, og alle barna fekk servert grilla pølser med brød, saft og frukt. Me avslutta dagen med fotballkampar mellom dei ulike skulane. Det flotte veret var med på å gjere dagen vellukka.

 

Fallskjerm og fellesskap 2

 

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen