MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Flott rydde- og dugnadsinnsats av foreldre, lærarar og elevar ved Nordbygda skule!

- Oppdat. 16.05.08 -

 

Elevane i pyntegjengen

 

Veka før 17. mai er det tradisjon at FAU ved Nordbygda skule arrangerer ein dugnad på uteområdet ved skulen. I år var det ekstra mykje å gripe fatt i, i og med at ein del av grøntarealet hadde fått stygg molest under utbyggingsarbeidet tidlegare i år. Det gjenstår enno ein del arbeid før vi får alt dette i stand att, men på ettermiddag/- kveldstid 13. og 14. mai gjorde ei gruppe av foreldre ein stor innsats med å reinske ugras, spa opp og flytte på plantar, leggje bork og plante nytt i fleire rabattar. Diverse anna rydde- og tilretteleggingsarbeid vart og gjort i same slengen. Leiar i FAU stilte opp med kaffi og kringle i pausen.

 

Pynta blomsterkasseAlle dei ulike klassane får og tildelt ryddeoppgåver før 17. mai. Dette er noko av det arbeidet som dei har gjort saman med lærarane sine:

 

- rydde boss langs vegen frå idrettsplassen og til Automek
- rydde boss, rusk og rask på heile området rundt skulen
- reparere og beise utebenkene
- samle saman små plankar og bordbitar som låg att etter bygningsarbeidet
- samle saman spikar etter bygningsarbeidet, - her gjorde 1. og 2. klasse ein imponerande - - --- fangst som dei stolt overleverte til rektor
- plante nye sommarblomar i blomsterkassane

 

 

Elevane frå 1.-4. klasse har og dekorert klasserom og korridorar med flotte 17. mai-teikningar og dikt, slik at ingen som kjem bort i den enden av skulen, er det minste i tvil om kva feiring som no står for døra.

 

Med ein skulebygning som med nye tak framstår mykje meir heilskapleg enn tidlegare, med eit ryddig og fint uteområde håpar vi at Nordbygda skule vil vere med på å gi ei fin ramme rundt årets 17.maifeiring. Rektor vil med dette takke alle for den innsatsen som er gjort for at det er blitt slik!

 

 

Tekst: Berit Lygre

Foto: Rune Garmann

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen