PDF-brosjyrer: Næringsareal - ein stad for næring og busetting - Bustadtomtar
Kommunen i næringsmessig kontekst:
Masfjorden er ein attraktiv, innbydande kommune med store naturressursar. Kommunen er lokalisert i Nordhordland sentralt i høve til store og viktige næringsregionar i bergensområdet. Næringsclusteret på Mongstad med store aktørar som Statoil setter Nordhordland ”på kartet” og opnar for synergiar også i andre delar av regionen. Frå Masfjorden er det kort avstand til Sløvåg Industriområde, som har muligheit for tilførsel av gass i samband med utbygginga av nytt energiverk på Mongstad. Denne situasjonen gir gode muligheiter for næringsvekst også i Masfjorden.
Næringsmessige fortrinn ved kommunen:
- Lågare arbeidsgjevaravgift i Masfjorden (10,6%) enn dei fleste andre kommunar i Hordaland (14,1%).
- Kommunen har ei breibandsdekning med dekningsprosent på 94 %, noko som i dag er betre enn landsgjennomsnittet. Målet er 100% breibandsdekning.
- Store bedrifter som BKK, Havforskningsinstituttet og Marine Harwest Norway AS held til i kommunen.
- Sterkt forskingsmiljø ved Havforskningsinstituttet si avdeling lokalisert i helt nye og topp moderne og avanserte fasilitetar på Matre.
Masfjorden Næringsforum vert stifta 20.02.07. Næringsforumet skal vera ein interesseorganisasjon som har til formål å ta vare på, utvikla, styrka og støtta næringslivet og næringslivet sine interesser i Masfjorden kommune. Forumet skal stimulera til bevisstgjering, innovasjonsutvikling og nettverkstankegang mellom næringsaktørar, mellom næringsaktørar og kommunen og skal gjennom sitt arbeid stimulera til knoppskyting og etablering av ny næringsverksemd i kommunen.
Masfjorden Næringsforum skal også arbeida for å fremje næringslivet si rolle i utviklinga av Masfjorden kommune ved å ta aktiv del i kommunesamfunnet. Forumet skal arbeida aktivt for å skape attraktive arbeidsplassar og tett kontakt mellom skule og næringsliv.
- Kommunen arbeidar saman med Nordhordland Regionråd og Innovasjon Norge for å legge forholda til rette for at det skal opprettast mikrokreditt-nettverk mellom kvinnelege etablerare i kommunen.
- Det er ledig areal i industriområde i fleire delar av kommunen og i allereie eksisterande næringspark.
- Dagens eksisterande næringsstruktur står fram som særs variert og samansett.
- Vidare har kommunen tett og god kontakt med viktige aktørar som Nordhordland regionråd og Nordhordland Handtverk og Industrilag, NHIL
- Gode finansielle støtteordningar for næringsverksemd gjennom ”Kraftfondet”.
- Tilgang på rimelig leie av kontorlokale der du kan dele kvardagen i fellesskap med andre.
Andre praktiske opplysningar:
- Private og offentlige aktørar i Masfjorden arbeidar aktivt for tilrettelegging av bustadområde i fleire delar av kommunen. Det er ledige tomter i både nybyggjar, og etablerte bustadområde i kommunen. Lenke til brosjyrane
- Trygt og godt oppvekstmiljø med god kapasitet i skole, barnehage og SFO til lågare pris enn i mange andre kommunar.
- Gode helse og kulturtilbod.
- Det er eit godt og velfungerande tenestetilbod i kommunen, samtidig som kommunen er i ein fase der fokus spesielt er retta mot utvikling og folketalsauke.
Tekst og illustrasjon: Beate Mæsel
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen