Dei vanligaste stønadsordningane kor det er mulig å få finansiell stønad, (alle bransjespesifikke stønadsordningar er ikkje teke med):
Stipend som kan bli løyvd til personar som skal utvikle og etablere eigen bedrift. Etablerarstipend vert gjeve hovudsakleg til enkeltpersonar, men kan også verta gjeve til føretak i etableringsfasen. Etablerarstipend gjeld alle næringar, unnateke offentleg verksemd. Landbruk har ein eigen stipend-ordning; BU- midlar. Etableringar som representerer noko nytt i regional, nasjonal og/eller internasjonal samanheng er høgst prioritert.
Etablerarstipend kan bli løyvd i to fasar; ein utviklingsfase og ein etableringsfase. Det kan ikkje søkast om stipend til begge fasane samtidig. Det kan bli løyvd stipend inntil kr 400 000,- pr. etablering (samla for utviklings- og etableringsfasen). Stipendbeløpet tildelast ut frå ei skjønnsmessig vurdering av søknaden (bl.a. ut frå kor stor etableringa er, nyskapingsgrad, potensiale og risiko), og kan vera på inntil 75 % av godkjente kostnader.
Stipend til etableringsfasen kan brukast til delvis dekning av kostnader i denne fasen, for eksempel eiga løn (det tas omsyn til anna inntekt/dagpengar/trygd), konsulentbistand, fadderordningar og andre oppfølgingstiltak, kortare kurs (direkte relatert til bedriftsetableringa), mindre fysiske investeringar og ekstraordinære kostnader knytt til etablering av verksemd.
Søknad kan sendes elektronisk ved å registrere deg som bruker på Innovasjon Norge sine nettsider.
http://www.innovasjonnorge.no
Andre finansielle stønadsordningar:
SkatteFUNN er ei skattefradragsordning for skattepliktige føretak i Noreg. Man kan få inntil 20 % skattefradrag for forsknings- og utviklingsprosjekt, det vil sei der formålet er å framskaffe ny kunnskap, informasjon eller erfaring som igjen kan føre til nye eller betre produkt, tenester eller produksjonsmetodar.
For å søke går man inn på www.skattefunn.no, og logger seg på med brukarnamn og passord. Søknaden vert så sendt direkte frå web-sida
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen