MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Sunne dagar på Matre

- Oppdat. 23.04.07 -

 

Elevane får danseinstruksjonTysdag 27/3 vart det skipa til dansedag for elevane på Matre skule. Opplegget er ledd i eit samarbeid skulen har med Solheim Helselag, som satsar på at dei unge skal verta sunne og friske både gjennom fysisk aktivitet og sunt kosthald.
Dagen vart tredelt, der instruktørane Monika og Jan Hermod frå Os danseklubb, i fyrste økta hadde danseleikar med dei yngste elevane. Sidan vart det hip hop, linedans og pardansar for mellomsteget og ungdomstrinnet.

 

Solheim helselag viser fram tilbodet

 

Etter skidag tysdag, stilte helselaget opp att på skulen onsdag. Denne gongen med gratis skulelunch til elevane. Dei kunne freista med grovbrødskiver med mykje godt pålegg. Noko som vart svært populært blant elevane!

 

 

 

 

 

 

Tekst: Frode H. Anderssen

Foto: Liv Øydis Trædal

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen