MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

10.klassetur til Roma!

- Oppdat. 10.06.09 -

 

Hald musepeirkar over bileta for tekst:

nam! Italiensk is er godt!

21. mai reiste me i 10. klasse ved Matre skule til Roma ilag med to foreldre og ein lærar. Då me kom til Italia var det veldig godt og varmt i lufta i forhold til det me var vant med. To drosjer stod klare til å køyra oss til Flaminio Village, ein stor campingplass like nord for Roma. Her finn me og små leiligheiter/bungalows. Plassen var kjempe-
koseleg, og den var plassert i ein nasjonalpark. Vel framme på campingplassen, etter ein svært rask biltur (etter norske forhold), vart me kjørt til husa våre i ein  liten (golf)bil.

 

Ole på Piazza del PopoloNeste dag åt me frokost på frokost-buffeen. Deretter skulle me ut i den store byen…. Først måtte me finna togstasjonen. På campingplassen sa sikkerheitssjefen til oss at det var to ting me måtte passa oss for, og det var lommetjuvar og trafikken. Med livet som innsats kryssa me vegen og  fann togstasjonen. Det kom eit tog ganske raskt, og me  gjekk på.  Men så sa GPS’en til Jan Olav at me kjørte vekk ifrå Roma. Me hadde kjørt feil vei!

 

Då me kom til Roma måtte me opp med kartet og finna ut kor me var, men det var ikkje noko problem. Deretter gjekk me rett til handlegata ”Via del Corso”. Det var veldig spennande og me handla mykje og såg masse rart. Undervegs gjekk me til Spansketrappa gjennom ”Via Condotti”, ei veldig eksklusiv handlegate, med blant anna Armani, Dior, Gucci, Prada etc. På Spansketrappa var det ikkje blomstrar  som me håpte på, og som alltid er på bilete herifrå. Men det Spansketrappa (Piazza di Spagna)var fint likevel. Etterpå gjekk me vidare til Trevi Fontena. Nokre gjekk heile vegen til Piazza Venezia og fekk med seg litt meir byggekunst. Til slutt enda alle opp ved Trevi Fontena. Der vart det fotografering og alle kasta myntar i vatnet, noko som betyr at ein skal komma attende til Roma i tillegg til å ynskja noko. Rundt hjørnet fann me ein liten restaurant der me åt…. pizza. Tilbake til Trevi fontena såg me to gladiatorar. Som ivrige ”turistar” tok me sjølvsagt bilde og den eine gladiatoren vart kjempesur! Det begynte å bli mørkt, men me gjekk til Pantheon likevel. Pantheon var kjempesvært, mykje større enn me forventa. Sidan det var så seint kom me oss ikkje inn i bygningen.

 

Siste toget attende til campingplassen gjekk vel halv elleve om kvelden, så me måtte passa på at me ikkje vart for seine til det. Då me var nesten framme ved togstasjonen møtte Veslemøy, Susann og Liv og Morten framfor VatikanetJan Olav mange roseseljarar. Først ”tvinga” dei på oss roser og sa at me skulle få dei, deretter ville dei at me skulle betala. Det enda med at me fekk nokre roser gratis. (Dei visna forresten ganske fort…)


Laurdag reiste me tidlig til Vatikanet. Først var me i Vatikan-museet. Der var det veldig mykje interessant. Det var mange, lange, lange gangar, med statuar og maleri overalt, i taket, på veggane og på golvet. I Det Sixtinske kapell måtte me være heilt stille. Det var kjempestilig og stappfullt med folk.

 

Fontana di TreviDeretter var det tid for å besøkja Peterskyrkja. Først måtte me igjennom sikkerheitskontroll, akkurat som på flyplassen. Inne såg me den heilage dør, Pièta og Sankt Peter. Me tok på beina til Sankt Peter, det skal bringe oss god lykke. Sjølv om me var slitne gjekk me dei 527 trappetrinna opp til kuppelen. Utsikta var fantastisk! Dei som fortsatt hadde batteri på kameraet tok masse bilde. På veg ut såg me sveitsargarden og ein korpsparade. Etterpå  fann me ein matmarknad. Der var det masse forskjellig å smake på, både godt og mindre godt.

 

Søndagen tok me oss god tid slik at me kunne slappe litt av og kose oss ved bassenget. Me bada masse og solte oss. Minst ein av oss smurde seg ikkje nok med solkrem, og måtte kle seg godt i varmen. Ut på dagen reiste me til Roma og tok ein sightseeingbuss rundt i byen. Me fekk god plass Phanteon om kveldenpå taket, men det vart ganske varmt. Me kjørte frå Termini(hovudstasjonen) til Vatikanet og så til Colosseum, der me gjekk av. Colosseum var kjempesvært! Medan me var der heldt dei på å rigge til ein Andrea Bocelli konsert som skulle vera der neste kveld. Utanfor tok Liv bilde av oss ilag med ein gladiator og så hadde me fotoshoot. Ved togstasjonen var det mange innvandrarar som selde falske merkevesker, solbriller og belte. Me handla litt der og, sjølvsagt. Det var litt tidleg å gå til sengs då me kom til campingplassen, så me gjekk opp på kafèen og spelte kort, åt chips og prata.

 

Den nest siste dagen reiste me til ei anna handlegate som heiter Via Nazionale. Det var betydelig dyrare der, men det var kjekt likevel. Jan Olav fekk status når han gjekk rundt med Swarovski-pose og skinnjakke. Etter lang tid kom me til ein plass der me skulle sjå ein film om Romas fortid og notid. Heile gjengen på spansketrappaMe reiste i ”tidsmaskin” og dei hadde mange effektar som gjorde det verkeleg. Me synst at det var veldig lurt å gjere dette mot slutten av turen, fordi då hadde me sett det meste og me kunne kjenne oss igjen og huske at me hadde vore der. Det vart på ein måte som ei oppsummering. Etter filmen måtte me ein tur til Hard Rock Cafè. Der kjøpte me iskald drikke- nydeleg etter å ha traska lenge i 35 grader! Så kom me på at Liv hadde bursdag og då song me bursdagsangen for ho. Dette var siste dag i Roma så me delte oss og shoppa for harde livet. Tilbake på campingen pynta me oss og åt fin middag på restaurant. Me ”skåla” og song for Liv for andre gang. Maten var ”delicious”! Sikkerheitssjefen, Jorge, dukka opp og ville gjerne ta del i fotoseanse. Det var koseleg, og han som virka så veldig streng då me kom, viste seg å vera utruleg grei! (Me har no sendt bilde og helsing til han. )

 

Me hadde ein fantastisk fin tur til Roma, og det var veldig trist å reise frå Italia.
Då var det over 30 grader der, og då me landa på Flesland var der 7 grader, så overgangen var stor.
Me har lært veldig mykje og kost oss masse. Alle har lyst å reise ned igjen - og forhåpentlegvis saman. Me har jo alle kasta mynt i Trevi Fontena☺

 

ColosseumHeidi vart solbrend

 

Klassen framfor Colosseum

 

Tekst og foto: Heidi, Øystein, Veslemøy, Susann, Ole Kristian og Morten

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen