Eit av satsingsfelta til ungdomsskulen er fysisk aktivitet. Skulen ser det også som viktig å bruka naturen og nærmiljøet rundt oss på ein positiv måte. Med utgangspunkt i dette leita me etter eit kulturminne me lett kunne nå, utan bruk av bil, og som kunne gje arbeid til mange på same tid. Me enda opp med Råskaret her på Matre, og etter først å ha avklara med grunneigarar, sende me ein skriftleg søknad om å få delta i Ryddeaksjonen, fekk ja …og dermed var prosjekt Råskaret i gang.
* Råskaret er ein gammal sti og ferdselsveg som går frå Einleitet, gjennom Råskaret til Matresvatnet. Frå det høgaste punktet, ved Fadervårhelleren, kan du også gå opp på Hestefjellet.
* Først hadde både elevar og lærarar synfaring på ”gjengrodde stier”, for denne stien har ikkje vore brukt i nyare tid.
* Lærarar merka så stien for å få den mest mogleg slik den ein gong var.
Så var det klart for arbeid: På skulen har me også laga natursti med 15 postar. Denne kan de nytta ut august månad. Svarark og blyant finn de ved starten på Einleitet eller ved Matresvatnet, og desse legg de i postkassen når de har gjennomført turen. Vinnaren kan venta seg ein liten premie. Ei turbok er lagt ut ved Fadervårhelleren, omtrent halvvegs på stien.
Målet er at stien vert brukt både av oss på skulen og flest mogleg andre.
Norsk Kulturarv gjev eit tilskot på 2500 kr til dei som får godkjent prosjekta sine. Me vil nytta desse pengane til å dekka utgifter til grillmåltid, arbeidshanskar, material til skilt, måling, lakk, postkasse o.a.
Me har rydda ein sti, eit kulturminne, og ved aktiv bruk håpar me alle vil vera med å ta vare på den!
Tekst: 8.-10.klasse ved Matre skule |
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen