MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 27.09.10 -

På tokt med historisk fartøy

 

Skip ohoi!  Sondre og Robert, Raquel, Marcus, Marit og Anna har full oversikt.

(Foto: Skip ohoi! Sondre og Robert, Raquel, Marcus, Marit og Anna har full oversikt.)

 

Det er tysdag. Fjorten  eksemplariske tenåringar og to lærarar skal få vere med på noko som ikkje er alle forundt.  Det har skjedd  tre gonger før, men det er fyrste gong for oss.

 

9. og 10.klasse på Matre skule er invitert med veteranbåten KNM Hitra frå Matre til Haakonsvern. Denne er komen til Matre frå Bergen med krigsveteranar ombord. Desse set kursen mot Bjørn West museet, og skal seinare tilbake til Bergen med buss.


Då er altså vi så heldige  å få gå ombord i den ærverdige båten.


KNM Hitra er ikkje berre den einaste av dei tre såkalla Shetlandsbussane som eksiterer i dag. Den er og einaste eksemplar att, av i alt 438 slike fartøy , i opprinneleg versjon, som marinefartøy med original væpning.   Desse båtane blei alle bygd i USA på sivile båtbyggeri som ikkje var opptekne med annan krigsindustri. KNM Hitra, Ex USN SC-718 kom til Norge i 1943. Ho er det einaste ordinære marinefartøyet Norge har att etter siste verdskrigen. Ubåtjagaren blei restaurert på åttitalet (1983-1987) og er i dag eit krigsmuseum, stasjonert på Haakonsvern.  Ombord finn vi ei utstilling om frigjeringskamp og shetlandsfarten.


Ein ellers så vanleg tysdag kan altså by på eit  3-4 timers tokt med dette klenodiet, -i solskin og opplett det meste av leia. Elevane er høgt og lågt på båten. Her er mykje å utforske ombord, og det er ikkje få perler vi passerer på turen.


På Haakonsvern blir vi tekne imot med buss for omvisning . Haakonsvern Orlogstasjon er nordeuropas største marinebase, forklarer Ingrid Sørby. Ho er basen sin eigen besøksoffiser og fortel om alt vi ser på turen rundt på basen. Orlog er eit nederlandsk ord for krig, derfor namnet, fortsetter offiser Sørby. Haakonsvern skal brukast i tilfelle krig.


Elevane får noko å tenkje på, då omvisaren vår spør om ikkje gratis utdanning med løn i t.d. marinen kunne vere eit alternativ.  Denne tanken blir ikkje mindre interressant, då vi passerer ei enorm byggetomt, og vi får høyre om idrettsanlegget som no blir bygd på Haakonsvern.


Vi let oss imponere av alt vi høyrer og ser på turen.   Men dette er ikkje alt. Etter bussturen får vi ei grundig omvisning og innføring ombord på S 305 Uredd. Dette siste, ei slik innføring i utstyr og inventar på ein ubåt(!),  samt i livet ombord,  blir for fleire av oss høgdepunktet på turen.

                        
Kva skular og studiestadar som blir velsigna med våre flotte ungdommar er uvisst. Sikkert er at på Haakonsvern har dei  fått vektig hjelp med framtidige utdanningsval.  Praten går høg og livleg i bussen på vegen heimatt om kvelden. Eg for min del sit og lurer på korleis ein takkar for ein slik dag.  Då får eg ideen, og det er hermed gjort;  Frå Matre skule, ein stor takk for turen! – Særleg takk til besøksoffiser Ingrid sørby og til mannskapet på KNM Hitra og S 305 Uredd. Dette var stort.

 

Vi passerer ikkje få perler undervegs. Fabrikkpipa på Kvamsdal Fargeri skal restaurerast, og Masfjordnes har med stilaset fått eit nytt landemerke.  Om enn så midlertidig, dette ser slett ikkje dumt ut!

 

 

 

Tekst og foto: Eli Tangedal

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen