MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 31.08.09 -

Om skulen


Tlf.56166150, e-post: Matre.Sk@masfjorden.kommune.no - Rektor : Liv Øydis Trædal.

Matre skule ligg på Matre, innerst i Masfjorden. Ikkje langt unna ligg Indre Masfjorden barnehage som me samarbeider mykje med.

 

På Matre finn ein elles BKK, Havforskningsinstituttet , Einekavane AS og Pleie- og omsorgstenesta i Indrefjorden. Desse gjev arbeidsplassar for mange personar. Me har og Bjørn-Westmuseèt like i nærleiken.

 

Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2008/09 har me 64 elevar, fordel med 46 på barnesteget og 18 på ungdomssteget.

 

I SFO er det 13 born og det er 41  elevar som deltek på idrettsskulen. Idrettsskuletilbodet er eit tilbod for 1.-7.klasse, der elevane no er inndelte i 3 grupper etter alder.

 

Skulen har og bibliotekfilial. Denne vert mykje nytta av elevane i skuletida, og er også open om torsdagane for alle andre interesserte.

 

Matre skule har svært gode høve til å nytta naturen både i undervisning og fritid. Sjøen er næraste nabo, skog og fjell er ikkje langt unna.1.-4.klasse har sin faste plass i lavvoen på Sæten, eit flott naturområde i kort gåavstand frå skulen. Stordalen og Stølsheimen ligg ikkje langt unna.

 

Siste nytt er Stordalen skisenter . Alt dette vert flittig nytta då skulen har fysisk aktivitet som eit av satsingsområda sine.

 

I år er skulen med på eit fellesprosjekt med dei andre skulane og barnehagane i Masfjorden. Prosjektet ”Tidleg tiltak,- varig verknad” har som mål å gje dei yngste elevane ein best mogeleg start på opplæringsløpet.

 

Den eldste delen av skulen vart bygd og teken i bruk i 1968, medan ungdomsskulefløyen kom i 1984. Grunna høg alder og slitasje står no gymnastikksal og garderobar klare for ombygging og opprustning. Dette vonar med å koma i gong med i 2009. Me arbeider og med å forbetra uteområdet vårt.

 

 

 

Tekst: Liv Ø. Trædal

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen