MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Matre skule i Ungarn

- Oppdat. 20.12.04 -

 

Lærarane ved Matre skule var fyrste veka i oktober på ein 5-dagars studietur til Ungarn. Skulen er med i Comenius-prosjektet, eit samarbeid mellom skular i Europa. Dette er eit samarbeid skulen har vore med på sidan 1997, og me har hatt fleire felles prosjekt med dei to samarbeidsskulane våre, ein i Helsinki i Finland og ein i Bekesscaba i Ungarn.

(Foto: Skulen var flott)

 

Me har fleire gonger hatt lærarar frå dei to skulane
på besøk hjå oss, seinast i februar 2001. Me hadde fleire mål med turen til Ungarn. Me ville sjølvsagt besøkja skulen me samarbeider med, treffa lærarane der og læra litt om tilhøva i dette landet som i løpet av dei 10 siste
åra har teke spranget frå eit lukka kommunistisk samfunn der utviklinga på fleire måtar har stått stille, til dagens vestorientering med marknadsøkonomi, NATO- og
EU-medlemsskap som mål.
(Foto: Det kunne vore ein norsk skule)

 

Det at alle denne gongen fekk høve til å vera med på turen og såleis dela dei same opplevingane, styrkjer og fellesskapskjensla i kollegiet, og knyta personalet tettare saman med å vera med på dei same opplevingane. Me har tidlegare besøkt skulen i Helsinki, men då har det berre vore to lærarar som har kunna reisa.


Bekesscaba ligg i den austlege delen av Ungarn, nær grensa til Romania. Skulen har elevar frå 5. klasse til og med vidaregåande, dessutan er det kunst- og kulturskule på kveldstid. Dei fleste elevane er frå denne byen, men somme av dei som går på kunstskulen, bur på internat.

(Foto: På øvste dekk på båttur på Donau. Parlamentet i bakgrunnen).

 

Me kom til Ungarn ein torsdagskveld og var med på skulen fredag. Då fekk me snakka med lærarar og vera med i nokre timar.

 

Skulebygningen var flott, særleg den sida som vende mot gata. Klasseromma var ikkje så ulike våre eigne. Og elevane var som ungdommar flest. Me syntest å merka eit større tempo i undervisninga
enn det som er vanleg hjå oss, og me stussa litt på om alle kunne klara
å henga med i svingane.

 

Lærarane ved skulen hadde lagt alt vel til rette for oss. Dei tok oss med
på sight-seeing i byen og nabobyen Gyula som ligg heilt på grensa til Romania. Dei sytte vel for oss på alle vis, velkomstmåltidet dei hadde
laga til for oss på skulen, vil me seint gløyma.

 

(Foto: Slike skilt finn du ikkje her i landet.)

 

Og det var utruleg greie folk å vera saman med. Dei fleste snakka engelsk ganske godt, andre kunne berre tysk utanom morsmålet. Ungarsk er heilt uforståeleg for andre enn dei innfødde.

(Foto: Laurdagsmarknaden i Bekesscaba var enorm. Her kunne du finna alt).

 

 

Frå søndag til me reiste heim tysdag var me i Budapest, hovudstaden i Ungarn og ein av dei rike kulturbyane i Europa. Det var ei stor oppleving i strålande sommarver. Her fekk me med oss både båttur på Donau, sightseeing med buss gjennom byen, kulturminnesmerka på Buda-høgda for å nemna noko. Ein konsert og ei folkedansoppvisning stod og på programmet. Særleg sistnemnde var imponerande.
(Foto: På kyrkjetrappa i Budapest.)

 

Me sit att med mange inntrykk etter ein slik tur, me har sett og opplevd mykje. Me har knytt gode kontaktar med lærarane i Bekesscaba. Dessutan er det godt at me som kollegium kan dela opplevingar frå turen. Det er ikkje det minst viktige.

 


Her drakk me te i glas.


Lærarane hadde laga eit
kjempemåltid til oss.


 

Tekst og foto: Alf Strand


Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen