MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

På tokt med "Shetlandsbussen"

KNM "Hitra"

- Oppdat. 01.06.05 -

 

Tekst: Sjå musepil over bilda

Me forlet Matre, veret er framleis fint og alle er ute. Matresøyna og hotellet i bakgrunnen

Jon Inge har vore forut i båten medan det regna og bles

 

Midt i siktet. Kim Daniel har tatt plass og siktarTorsdag 26. mai kunne 8. og 9. klasse ved Matre skule gå om bord i KNM Hitra og reisa den gamle skipsleia frå Matre til Haakonsvern. Turen tok om lag 4 timar, og om bord fekk alle ei kort orientering om historia til båten Hitra, som er eit stykke levande , norsk krigshistorie.

 

Me fekk høyra om Shetlands - Larsen, om Ingvald Eidsheim og om turane over Nordsjøen til Shetland under 2. verdskrig. Etter krigen vart båten seld og heldt på å enda sine dagar i den svenske skjergarden. Ved eit tilfelle vart den oppdaga der då ein russisk ubåt gjekk på grunn. Sidan vart den frakta attende til Noreg for å bli restaurert.

 

Dette var ein flott og opplevelsesrik tur, til trass for litt regn og vind då me nærma oss Bergen.

 

 

 

Tekst og foto: Liv Brekken

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen