MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -
UTEDAG PÅ HAVBRUKSSTASJONEN
SITT UTEANLEGG PÅ MATRE!

- Oppdat. 23.04.07 -

 

19.januar var 1.-4.kl på Matre skule på utedag på havbruksstasjonen. Me skulle få vere med på sjøanlegget og det einaste me skulle hugse var redningsvest. Per Gunnar Fjelldal og Øyvind Torslett hadde ansvaret for denne dagen, og dei gav elevar og lærarar ein uforgløymeleg dag.
Elevgruppa vart delt i tre, deretter var me innom tre stasjonar.

 

Tenk å få fiske i ei av mærene på sjøanlegget

Tenk å få fiske i ei av mærene på sjøanlegget.

Der kunne me få både store og små fisk dersom me var heldige

Der kunne me få både store og små fisk dersom me var heldige.

Per Gunnar og Øyvind hadde sett ut tre garn som gruppene skulle få dra på land

Per Gunnar og Øyvind hadde sett ut tre garn som gruppene skulle få dra på land. Det vart ein del flyndre på fiskarane.

Det siste elevane fekk vere med på var å bedøve fisken i eit kar

Det siste elevane fekk vere med på var å bedøve fisken i eit kar, for deretter å ta prøve av den.

Elevane var også med å fora fisken.

Tenk å få pølse med brød og varm kakao. Dagen var fullkomen! Vigdis delte ut til svoltne fiskarar

 

 

 

Tenk å få pølse med brød og varm kakao. Dagen var fullkomen! Vigdis delte ut til svoltne fiskarar.

 

Me hadde ein kjempe spennande utedag. ”Den beste utedagen me nokon gong har hatt, kan me få koma igjen ein annan gong også?”, var den spontane reaksjonen hos enkelte elevar.

 

Tusen takk for ein minnerik dag til Vigdis, Øyvind, Per Gunnar og dei to arbeidarane som arbeidde på anlegget denne dagen.

 

 

 

 

Tekst og foto:  Jorun Barstad Langvatn.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen