Me hadde tinga omvisning, og guiden viste og forklarte oss mykje om korleis landskapet blir forma. Filmen me starta med, gav oss god oversikt over Jostedalsbreen og korleis breen ser ut til ulike årstider og i ulikt slags ver. I bremuseet er det fleire modellar der elevane i praksis kan sjå korleis brear og elvar arbeider.
Det vart og tid til ein stopp ved brevatnet framfor Bøyabreen. Kafeen Brevasshytta ligg på endemorenen der iskanten var i 1930, fekk me læra. Ein studietur til Fjærland og bremuseet for ungdomsskulen kan anbefalast. I år er det enorme snømengder på breen, så sjølve isen kom ikkje til sin rett enno, men det er uansett lærerikt både å sjå og prøva modellar i museet og å sjå korleis isen og vatnet har forma landskapet. Spora etter dei ytre kreftene er så tydelege i Fjærland, frå breen og heilt i sjøen.
Tekst og foto: Alf Strand
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen