Marsjfart til Haakonsvern! |
- Oppdat.
23.10.07 - |
|
Les og om: Ubåtjagaren Hitra i krig og fredstid
For bilettekst: Hald peikar over bileta
Ein tysdag formiddag i haust gjekk heile ungdomsskulen på Matre ned på kaien ved butikken på Matre, der dei skulle møte KNM Hitra. Dei skulle ta turen til Haakonsvern utanfor Bergen.
KNM Hitra er ein ubåtjagar frå den andre verdskrigen, den er det einaste fartøyet av sitt slag som finst i sin rettmessige stand. Alle dei andre har vorte ombygd til lystbåtar etter krigen. Båten har i dag eit mannskap på 10 mann, pluss passasjerar. Den er 111 fot(34,8 meter) og veg 125 tonn, og har ein marsjfart på rundt 15 knop(ca 27,7 km/h). KNM Hitra er eigd av Marinemuseet i Horten, men er no stasjonert ved Haakonsvern i Bergen. Båten er i dag museum, og reiser langs kysten av Noreg i sommarmånadane.
På båten gjekk det an å få seg ein guida tur i maskinrommet, eta matpakka si under dekk eller nokre gongar kunne ein til og med komma ned i ?sovesalen? og spela ?x-box?. Om ein var ute, eller på dekk, som det heiter på fagspråket, kunne ein gå fram på baugen, eller på akter dekket. Det var lov å gå opp på taket og, der var det ?liv? nesten heile tida. Det var mange kanonar og maskinkanonar på båten. Desse vart veldig populære etter kvart. Det var mange som prøvde å sikta, ?skyta? og det var til og med nokon som hang i dei! UTAN å få kjeft, kapteinen sto faktisk og såg på!
Elevane mønstra av 10 minutt frå Haakonsvern, der skulle KNM Hitra fylle drivstoff. Elevane og lærarane tok buss derfrå til Haakonsvern. Der skulle dei visast rundt på ein mine-sveiper(båt)og ein ubåt. Dei delte seg inn i to grupper. Den eine gruppa gjekk først på mine-sveipar, den andre gruppa gjekk i ubåten. Alle fekk beskjed om at det var strengt forbudt å ta bilete på Haakonsvern, for det er ein militær hovudbase med mange ?hemmelighetar? men det var det jo sjølvsagt ikkje alle som hugsa. ?Guiden? frå Haakonsvern sto sjølv og såg på då denne personen sletta bileta. Elevane fekk også sjå at Haakonsvern ikkje berre var ein plass der det var båtar og kontor, det var ein heil landsby! Mange folk var det der òg.
Haakonsvern er den største marine basen i Norden og er Sjøforsvaret sin hovudbase. Basen ligger i Mathopen i Bergen kommune. Haakonsvern vart opna i 1962. I dag er det rundt 4000 personar som jobbar på Haakonsvern som vernepliktige eller militær- og sivilt tilsette.
Då alle var ferdig på Haakonsvern, tok dei bussen, som Haakonsvern stilte opp med, til busstasjonen i Bergen. Der kunne me kjøpa oss noko mat enten på ?Big Bite?, ?BurgerKing? eller ?Rema 1000?, for det var ein ting dei fleste hadde venta på. Så reiste elevar og lærarar tilbake til Matre med Ekspressbussen.
Alle kom heile og fine til Matre ti på halv ti om kvelden, etter ein veldig gøy tur med KNM Hitra, omvisning på Haakonsvern og sist men ikkje minst ein kjempe kjekk klasse tur!!

Tekst av Øystein B. Dyrhovden, 9. klasse ved Matre skule
Foto: Liv Brekken
|