For fototekst, sjå musepeikar:
“Juleavslutning i november- nei no er dei heilt på styr” ! Dette var nok alvorleg sagt frå nokre foreldre, medan andre igjen meinte at det var heilt supert.
No var ikkje dette heilt det me kan kalla juleavslutning, men ein kombinasjon av ein forseinka kulturkveld og ei avslutning av haustsemesteret.
Kvelden den 30. november vart i alle fall flott. Mykje skjemt og alvor, song og glede. Og så mykje dans!
Det starta med dei yngste elevane som tok føre seg “Nissen som ikkje kunne lesa” fordi han ikkje kunne finna brillene sine. Med gitarakkompagnement frå to ungdomsskuleelevar framførte dei visa med stor innleving. Det same gjorde 3.og 4.klasse med “Musevisa”. Her vart den store støvelen via mykje oppmerksomheit.
Begge desse innslaga vart varmt applaudert av publikum som hadde møtt fram i hopetal. Gymsalen var heilt full !

Mellomtrinnet fortsette gjennom ein rap med å fortelja kva dei har jobba med denne hausten. Det var mykje, og spesielt vart då rollespelet om besøket deira på Akvariet i Bergen. Pingvinane hausta mykje humring og lått i salen. Sjølvsagt fekk me og høyra om dei som ville forska på nissen og korleis det gjekk med nissane som låg fast 700 meter under jorda. Alt saman sjølvprodusert og veldig vellukka !
Matøkta stod 8./9.klasse for. Rundt omkring sat store og små grupper i samtale rundt kaffikoppane. Rundstykke, kaker og muffins gjekk ned på høgkant. Med 8 grader minus ute, var det godt med noko varmt !

Så kom kanskje kveldens høgdepunkt. Dansen. Eit fyrverkeri av ein instruktør – Piero- hadde i nokre dagar øvd inn danseprogram med tre ulike grupper. 1.-4. klasse dansa denne kvelden heilt åleine det dei hadde lært, og her var det mykje å passa på. I raudkledde kostyme og til høg musikk fekk dei folk i salen med seg til trampeklapp. Supert ! Jentene i 5.-7. klasse overtok. I mørke kostymar til fengande musikk framførte dei ei fantastisk oppvisning. Salen var heilt med og oppgira då gutane som dei siste elevane i svarte dressjakker inntok dansegolvet. Her var det presisjon, kule bevegelsar og skikkeleg “guttemusikk” som dura og fylde heile gymsalen.
No var publikum i ekstase og då Piero oppfordra dei til dans var alle med. Armar og bein veiva overalt. Kulden som tidlegare hadde sneke seg inn i gymsalen var no heilt vekke. “Galne folk” var det ein som kviskra. Nei, eit supert alternativ til å halda varmen i denne vinteren som kom altfor tidleg og som har bite seg så godt fast !
Heilt avslutningsvis fekk me ei strålande oppvisning av instruktøren sjølv. Her fungerte alt , både kroppen og” snakketøyet”. Veit helselaget kva som kjem ut av pengane som dei sponsar oss med ? Denne kvelden var fleire for å sjå og møta Piero. Eg trur dei tenkte at pengane var vel anvende når det heiter at det skal gå til fysisk aktivitet. I tillegg gjev dansen elevane sjølvtillit, fellesskap, motorisk trening og glede. Tusen takk for denne støtta !
Og for å ikkje vera heilt “ut av lage” vart det både i starten og på slutten songe gode, tradisjonelle julesongar. Me merka oss publikum si store songglede. Var det kanskje dansen og det gode fellesskapet denne kvelden som sette slik kveik i oss ?
Rektor avslutta kvelden med å takka alle for ein strålande kveld. Samt dei beste ønskje for ei god førjulstid tid alle !
Tekst : Liv Øydis Trædal
Foto: Arnold Matre
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen