MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

”Tor og Loke” tek del i jubileèt på Matre skule

- Oppdat. 25.04.08 -

 

Mellomtrinnet og 8. klasse  på Matre skule som har jobba med oppsetjing av syngjespelet

 

Mellomtrinnet og 8. klasse  på Matre skule har jobba med oppsetjing av syngjespelet Tor og Loke.

 

Her møter du dei norrøne gudane. Du møter Heimdal som  passar Bifrostbrua. Her møter du Tor som har rota bort hammaren sin.  Frøya er ute på leiting etter sin Od. Loke luringen er og med og lagar sprell. Idunn med epla er her, og Trym frå Jotunheimen har rota det til i gudeverda. Odin kjem også ein tur innom og viser si makt.

 

I spelet er det både song, musikk og dans.  Valkyriane står for dansen og har laga seg flotte kostymar til dette.  8. klasse har jobba sterkt med rekvisita og musikk.

 

Spelet har vorte eit flott samarbeidsprosjekt for mellomtrinnet og 8. klasse. Prosjektet  er tverrfagleg med hovudvekt på musikk, drama og kunst og handverk . Alle gler seg no til å framføra spelet .

 

Framføringa vert under 40. års jubileet til barneskulen, måndag 28.04 frå kl.18.00.

Saman med dette vert det historiske tilbakeblikk, utstilling og kafe som alle interesserte er velkomne til å vera med på.  Det vert og ei framføring for dei andre skulane i kommunen tysdag 29.04.

 

 

Tekst: Liv Øyidis Trædal

Foto: Grete I Nyhavn

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen