Tlf.56166150, e-post: Matre.Sk@masfjorden.kommune.no - Rektor : Liv Øydis Trædal.
Matre skule ligg på Matre, innerst i Masfjorden. Me heldt til like ved E39 og bussamband både mot Bergen og nordover mot Førde, Ålesund og Trondheim har me fleire gonger for dagen.
Vegen som går over til Bjordal via Stordalen går også herifrå. Denne vegen opnar for flotte turar i Stølsheimen, vinteraktivitetar i Stordalen skisenter samt ulike aktivitetar i fjella gjennom heile året. Naturen er vakker og områda rundt Stordalen er svært attraktive hytteområde.
Som næraste nabo til skulen finn me Indre Masfjorden barnehage som me samarbeider mykje og nært med. No arbeider me med fellesprosjektet “tidleg tiltak - varig verknad”, der me har fokus på god og trygg overgang barnehage-skule.
Elles finn me Havforskningsinstituttet, BKK og Einekavane AS. Desse gjev arbeidsplassar for mange. Me har også Bjørn West-museèt like i nærleiken.
Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2010-11 har me 71 elevar fordelt med 50 på barnesteget og 21 på ungdomssteget.
I Sfo er det om lag 20 born og det er 38 elevar som deltek på idrettsskulen. Idrettsskuletilbodet er eit tilbod for 1.-7.klasse der elevane er delte i grupper etter alder. Desse føregår like etter skuletid to dagar i veka.
Elevane har også tilbod om allidrett gjennom heile året og me har svært mange som deltek i kulturskulen.
Skulen har bibliotekfilial. Denne er mykje nytta, og er også open for publikum om torsdagane.
Matre skule har svært gode høve til å nytta naturen både i undervisning og fritid. 1.-4.klasse har utedag / uteskule på timeplanen sin og basen ligg på Sæten, eit flott naturområde litt ovafor sjølve Matre. For dei litt eldre elevane har me ulike “skogryddingsprosjekt” der me prøver å finna att gjenngrodde stiar. Og så har me over fleire år hatt eit godt samarbeid med “Reinå gard” om det som har med arbeid og livet på garden å gjera.
Nokre av satsingsområda for skulen dette året har vore: vurdering og læringsstrategiar.
Den eldste delen av Matre skule vart bygd i 1968 og den nyaste i 1984. Gymnastikksal og garderobar som høyrde til den eldste delen framstår no som nyoppussa og fine.
Tekst: Liv Ø. Trædal
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen