Reisebrev frå ein klassetur til Hellas |
- Oppdat.
03.07.07 - |
|
Klassetur til Athen 18. april – 23. april 2007
Onsdag 18. april reiste ein gjeng med elevar, foreldre og lærarar frå Matre. Klokka var 03.00 om natta. Etter litt biltrøbbel var me endeleg på veg mot Flesland. Når me kom dit, stilte me oss opp i ein kø for å sjekka inn. Då me kom fram til skranken sa mannen som satt der til oss på veldig, veldig Oxford engelsk: ”Are you aaalll buisness-class?”. Ingen skjønnar dette når dei ikkje hører stemma hans, men det var veldig komisk. Det viste seg at me var komme til feil skranke, noko denne mannen tydeligvis tok for veldig sjølvsagt. Me minte nok ikkje spesielt om typiske reisande på ”business class”, og me hadde mykje gøy med denne setninga seinare på turen, den blei brukt i dei fleste samanhengar.
Flyet gjekk frå Flesland 06.05 og etter ei mellomlanding i Nederland gjekk det ikkje lenge før me var i Athen. Ein av oss hadde aldri vore i fly før og var litt spent på dette, medan ei anna hadde vore på fleirfaldige flyturar og vart reddare og reddare for kvar gong (for å fly er jo faktisk ulogisk, eller?).
På flyplassen i Athen skulle me få buss til hotellet, og plutselig såg me ein buss med påskrifta: ”Arthurs Jursen”. Dette var eigentleg veldig komisk, sidan det rettee namnet var Arthur Sjursen, og bussen blei reine ”turistattraksjonen”. Hotellet vårt låg midt i Plaka, (gamlebyen) og vel framme der tok me oss ein liten pause før me gjekk ut for å få oss litt mat etter ei lang reise. Me blei anbefalt ein restaurant like ved hotellet, og den besøkte me. Der fekk me servert ein type kebab som dei fleste forelska seg i. Der var og ein kjempegrei servitør som fortalde oss det meste me trengde å vita. Etter at me hadde ete fann me ut at me ville ta metroen ned til Piraeus, havnebyen, som i dag er ein del av sjølve Athen. I Piraeus gjekk me rundt og såg på båtar, folk og butikkar. Etter nokre timar reiste me tilbake til Plaka og der gjorde jentene ein kjempeoppdagelse: Marked med vesker, belter og solbriller…. Nokre av oss, då spesielt jentene, var sikre på at dei var kome til himmelen, medan gutane var meir overbevist om det motsatte. Etter ein del handling og masing frå leie guttar, tok me ein omvei tilbake til hotellet. Alle var ganske trøytte og etter ei stund var alle sovna.
Torsdag var me klare for Akropolis. Etter frukost på hotellet reiste me med metroen dit. Her var så mykje å sjå at me visste ikkje heilt kor me skulle begynna. Dei tre gutane for av gårde i full fart og brukte ikkje så lang tid før dei var på toppen. Resten av gjengen bruke derimot ganske mykje lenger tid. Før me nådde toppen hadde me besøkt to flotte teater, sett på mange andre stilige bygningar og tatt ei mengd bilder. På toppen var den verdskjende Parthenon, eit museum og mange andre bygningar. Alle var veldig fasinert over at dei hadde klart å byggja dette for så lang tid sidan. Me tok endå fleire bilete og besøkte eit museum med mange gamle ting som er funne på Akropolis. Nokre av oss hadde ikkje heilt fått med seg at det ikkje var lov å bruke blitz og måtte pakke ned kameraet, medan andre filma i vei. Etter ei god stund gjekk me ned frå Akropolishøgda og fann ein fin restaurant der me kjøpte middag. Medan me åt fekk ein av oss fekk auge på ein katt som mangla eit auge. Ein del av oss var einige om at dette eigentleg var veldig ekkelt, medan andre synes det var veldig synd i denne katten og hadde lyst å gje den litt av den gode maten vår. Når me var ferdige gjekk me vidare og på vegen fann me eit turisttog som tok ein liten runde rundt i Plaka. Mens me venta på at togføraren skulle ta neste tur (som blei utsett for kvar gong me kom dit…..) gjekk me rundt i gå-og handlegatene og såg i butikkar og liknande. Etter nokre timar var me klare til å ta det vesle søte toget, det tok ein tur rundt Akropolis og rundt i dei små gatene. Då fekk me sjå litt meir av byen. Etter togturen reiste me tilbake til hotellet. Me fekk anbefalt ein restaurant denne dagen og, men den var litt vanskeleg å finna, så etter ein del leiting enda me opp på den same restauranten som dagen før. Maten var fortsatt god, men han morosame servitøren frå dagen før var vekke.
Noko me erfarte denne dagen var at det var ganske få bosspann i Athen. Det var ikkje alltid like enkelt å finna ein plass å kasta bosset. Eg trur dei hadde vurdert det slik at det var betre at folk kasta boss alle vegar for så å bruka kostebil og liknande om kvelden for å vaska og rydda opp. Me er vel ikkje heilt sikre på om dette kan vera spesielt lønsamt, men det gir vel arbeid til ein del folk, det og. Ein anna ting me sakna av og til var toalett, men sidan ein av oss fekk akutte behov for å ta eit do-besøk innimellom, var det berre å følgja etter han. Eg trur han kunne lukta seg fram til toaletta eller noko, han fann dei i alle fall overalt sjølv om alle andre var overbevist om at dei ikkje var noko toalett i nærleiken.
Fredag bestemte me oss for å ta ein litt roleg dag. Først reiste to av oss for å kjøpa billettar til fotballkamp på søndag, men det viste seg at ein måtte ha pass for å kjøpa det, så dei kom tilbake utan billettar. Medan dei var vekke hadde nokre av oss andre gått for å kjøpa billettar til ein båt ut til øya Aegina, ca. ein halv time frå Piraeus. Etter at me hadde kjøpt billettar og alle var klare, reiste me ned til Piraeus der me tok den raraste båten me nokon gong hadde sett. Namnet var ”Flying Dolphin” og var ei blanding av eit fly og ein båt. Etter ein halv time var me framme på øya Aegina. Me skulle ta buss ned til ei strand, eit par kilometers strekning. Men sidan han som selde bussbillettar ikkje kunne engelsk og Liv ikkje kunne gresk så hamna me på den andre sida av øya. (Heldigvis er ikkje Aegina ei veldig stor øy… )Men det var veldig fint der og me lånte solsenger og låg i sola og kosa oss. Nokon gjekk og handla litt i ei lita gate (den eine gata som var der) og nokon bada og bada, og bada… Enkelte var mest opptatt av å sjå på jentene, med og utan kikkert. Så åt me middag og alle dei søte(!) jentene blant oss fekk blomster. Nokre timar seinare tok me buss tilbake og så tok me båten inn igjen til Athen. Så dulla me oss tilbake til hotellet og tok kveld.
Laurdag vart me einige om å dela oss. Fire av oss blei igjen i Athen og besøkte Filipappapos- høgden som ligg rett ved sida av Akropolis. Der møtte dei masse turistar, dei såg på Sokrates sitt fengsel, såg på den flotte utsikten over heile byen, besøkte ei gresk-ortodoks kyrkje der det viste seg at det var barnedåp. Dette fekk ein av oss oppleva på nært hold sidan han like godt gjekk inn og vart med i barnedåpen.
Resten av gjengen blei med på ein guida tur til Orakelet i Delfi. Det var ein 3 timars kjøretur dit med buss, med nokre små stopp på vegen. Guiden fortalde forskjellige historier undervegs. Når me var framme gjekk me rundt på området og såg på Apollon sitt tempel, ein fallos-stein som var grekarane trudde var ”verdas navle”, ein stor stadion og mange andre tempel og bygningar. Det var veldig interessant og me lærde masse. Etterpå var me på eit museum som høyrde til området. Der fortalde guiden historiene bak mange av statuene/figurane som var der. Etterpå reiste me for å eta lunsj, det var delte meiningar om kor god maten var, men alle vart mette, sjølv om nokon tvilsomt kjem til å fetaost igjen. Så gjekk turen tilbake igjen til Athen. Om kvelden gjekk me alle saman ut for å eta middag, då skulle me prøva oss på typisk gresk mat. Me hamna til slutt på ein fin uterestaurant , og alle fekk smaka moussaka. Me syns alle det var veldig godt, sjølv om nokon meinte at Toro-versjonen var betre. Seinare gjekk me litt rundt i gatene og kjøpte diverse effektar og tok bilde av Akropolis når det var mørkt. Så gjekk turen tilbake til hotellet.
Bilete under: Klikk opp større versjon
Søndag gjekk me på marknad. Nokon var ein tur og såg på den Gamle Olympiastadion og Zeus sitt tempel. Elles gjekk me rundt og såg i butikkar og kjøpte endå litt meir. Nokon handla og Panathinakos-skjorter, skjerf og flagg til den store fotballkampen om kvelden. Så tok me turen til Lycabettus-fjellet, ei høgde midt i byen. Opp til fjellet gjekk det nokre baner som lina på dei som er på Fløyen i Bergen. Der oppe var det veldig flott utsikt og me tok mange bilete. Så gjekk me ned igjen og tok metroen til den nye Olympia-stadion, den som blei bygd til OL i 2004. Der skulle me på fotballkamp og sjå Athen-laget Panathinakos, Hellas sitt nest beste lag etter Olympiakos. Det var kjempegøy og stadion og området rundt var veldig stort. Dessverre tapte Panathinakos kampen, men gøy var det uansett. På vei til kampen hadde ein av oss blitt frårøva lommeboka i eit uoppmerksomt øyeblikk på metroen. Så når me kom heim gjekk turen til politistasjonen for å anmelda det. På hotellet var det litt liv og jentene blei skjelt ut av ein fransk lærar, for å ha bråka, når dei eigentleg hadde vore heilt stille. Men læraren var så rar at det heile berre var morosamt.
På måndag tok me ein siste handlerunde rundt i byen. Nokre satt på hotellet og spelte kort og nokre var ute for å bruka endå litt meir pengar. Me besøkte og eit stort fisk- og kjøtmarked. I 2-tida tok me ein luksusbuss til flyplassen og etter ei stund der var me på heimreise. Etter ein liten stopp i Amsterdam var me heime i Bergen i 12-tida om natta. Så gjekk turen heim igjen til Matre og Haugsvær. Alle var einige om at me hadde hatt ein kjempekjekk tur. Nokon av oss var til og med så fornøgde at dei hadde bestemt seg for at dei ville flytta til Athen når dei vart vaksne.
Athen var ein veldig koselig by, på ein heilt spesiell måte. Eigentleg er det ein ganske gammal og skitten by med masse trafikk. Men uansett er den veldig fin og grei og vera i. Det er masse folkeliv og folk er veldig greie og pratsame, sjølv om ikkje alle er like gode i engelsk. Trafikken i Athen er veldig forskjellig frå i Noreg, noko me erfarte ganske fort. I Athen fungerar det for det meste etter prinsippet gå når du kan og kjør når du har sjansen. Å venta på grønt lys gav me opp etter ikkje så veldig lenge, i alle fall nokon av oss. Rødt lys er ikkje noko hindring for verken bilar eller menneske, i alle fall i nokre av områda, då spesielt der det var litt mindre gater. Men me vende oss fort til det og ei av oss innarbeida ein egen teknikk for å stoppa bilar slik at me kunne gå over vegen. Elles er den greske kulturen ganske annleis frå den norske. Folk er mykje meir opne på ein måte og snakkar lettare med framande. For eksempel kom me i prat med mange av å sitta på metroen. Me hadde eit veldig fint opphald i Athen og kan godt tenka oss å reisa tilbake.
Helsing
Ingvild, Sofie, Joakim, Kim Daniel og Jon Inge (+ lærar og foreldre)
|