På eit FAU-møte tidleg i haust tok foreldra til orde for at dei kunne komma på skulen i Grunnskuleveka og kursa elevar og lærarar innan data. Lærarane syntest dette høyrde spennande ut, for me merkar alle at me har bruk for meir kunnskap til å gjera oss nytte av data som verktøy på mange felt. Lærarane sette opp ei ynskjeliste over kva dei kunne vera interesserte i å læra meir om, og kva det kunne vera nyttig å kursa elevar i. Me enda då opp med at lærarane i denne omgang ynskte vidare opplæring i teksthandsaming, bilethandsaming og programmet PowerPoint. For elevane var det bilethandsaming og PowerPoint som vart valt.
Stor takk til Arne og Kenneth som var sporty nok til å ta på seg oppdraget. Det var ei ny erfaring å bruka foreldre som lærarar på denne måten. Me har mange slags ressursar blant foreldra, og det er positivt å ha eit godt samarbeid også på dette området.
Matre skule ser behovet for å ha si eiga heimeside. Og viss
me lærarane no tek i bruk og øver oss på det
me har lært dei to siste vekene, skulle det vera mogeleg for
oss å få til ei enkel heimeside om ikkje lenge. I alle
fall viss me då og får like god hjelp frå foreldra.
Tekst og foto: Alf Strand |
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen