MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 13.04.10 -

Opna nye garderobar på Matre skule med Haiti-aksjon

 

For tekst, sjå musepeikar:

Alf Strand opnar garderobebygget

Scene frå stafetten mellom dei ulike verksemdene på Matre

 

Torsdag 25.mars arrangerte Matre skule ein vellukka aksjon for Haiti. Skuledagen var utvida til kl. 17.00 og det vart rom for både lynlotteri, stafettar og sal av mat. Foreldre og andre bygdefolk var flinke til å møta fram.

 

Ettermiddagen starta med opning av dei nye garderobane på skulen. Alf Strand - rådgjevar for oppvekst og kultur - klipte snora og så kunne kvar og ein gå gjennom garderobane og sjå kor lyst og fint det var vorte. Smakfull fliselagt og romslegare enn før. Inngangsparti, toalett og bøttekott nede ved gymsalen er og vorte pussa opp. Dette er me godt nøgde med, og sjølvsagt ventar me i spenning på at gymsalen og skal få ei ansiktsløftning.

 

Elevane hadde laga mange fine påskeprodukt som var lodda ut, og dette gjekk unna. Stafettar med deltakarar frå ulike bedrifter i Indrefjorden hadde sin kappestrid som dei denne gongen måtte betala for. Og sist men ikkje minst, FAU saman med elevane ordna med grilla laks, potetsalat og hamburgarar som smakte særs godt i svoltne magar.

 

Heile inntekta kr.9400,- vert no sendt til Haiti, noko elevane hadde bestemt på førehand. Dagen var vellukka og me er særs nøgde med å senda frå oss så mange pengar til nokon som har stor trong for det. Mottoet vårt var: ”Me har det godt, alle har ikkje det”!

 

 

 

Tekst: Liv Ø. Trædal
Foto: Frode H. Anderssen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen