MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Hurra me vann!

- Oppdat. 26.06.09 -

 

1. og 2.-klassingane som deltok

 

1.og 2.klasse ved Matre Skule deltok i Elias-konkurranse no i vår. Me sendte inn illustrasjon av fleire sjøvettreglar. Kreativiteten og iveren var stor blant elevane. Det vart bl.a. laga sjø med fiskar, båtar med menneske som sjølvsagt hadde redningsvestar på. Alle var spent på om dei kom til å verta ein av vinnarane, og ein dag kom det ein e-post frå Redningsselskapet. 130 skular deltok, og me var blant dei 25 som hadde vunne klassesett med redningsvestar. Vestane vart delt ut på skulen si sommaravslutning, og dei er allereie tekne i bruk.

 

DET ER TØFT Å BRUKA REDNINGSVEST!

 

 

 

 

Tekst og foto: Gunn Haugsdal Asheim.

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen