
Sommaravslutninga i gymsalen på Matre skule var prega av glede, engasjement og dans til fengande rytmar.
- Då seier me værsågod til Ole Petter Knarvik, seier rektor til ein gymsal full av forventningsfulle elevar og føresette.
- Barnetrinnet stiller seg opp på rekke, roper Ole Petter. Opp med kassen, opp med haka. Smil! kommanderer han. - Klare?
- Yes, sir! Repliserer barna og held fram: - Me er Matre barnetrinn. Me er Matre barnetrinn ropar dei, mens dei klappar hendene i takt.
Etterpå kjem mellomtrinnet. Kult kledd i svarte bukser og kvite t-skjorter kjem dei i samla flokk inn på scena, medan James Browns ”Get Up Offa That Thing” durar frå høgtalarane. Alle imponerer med sine rytmiske og unisone rørsler.
Ungdomstrinnet avsluttar i ein eksplosjon av ein dans.
- Du hadde aldri så lite kroppskontroll du Ole Petter, seier ein tydeleg imponert rektor Liv Øydis Trædal mens ho takkar han og elevane for dansen.
Elevane på Matre har gått på hiphopkurs hos dansegeniet Ole Petter Knarvik, kjent frå oppsettinga Jungelboka på DNS. Knarvik har gjennom danseundervisning på dagtid motivert elevane til å levera eit fyrverkeri av ein førestilling på sommaravslutninga. Dei har øvd i 4 økter på to timer. Det er veldig populært. Elevane synes det er kult. Flesteparten synes det er gøy. Spesielt når instruktøren er ein så positiv type.

Sponsa av helselaget
Det er Solheim helselag, under Nasjonalforeninga for folkehelsa, som har vore pådrivarar til danseprosjektet på Matre. Nasjonalforeninga for folkehelsa fokuserer på god helse blant barn og unge. Opplegget er ledd i eit samarbeid skulen har med Solheim Helselag, som satsar på at dei unge skal være sunne og friske både gjennom fysisk aktivitet og sunt kosthald.
- Solheim helselag er opptekne av at barn og unge skal være i fysisk aktivitet, og har difor søkt Midttunheimfondet om midlar som dei fekk gjennomslag for. Dermed har alle skuleelevane på Matre fått anledning til å lære kule ”dansemooves” frå instruktøren. Det seier Marit Steinestø, leiar i Solheim helselag.
- Det er flott at helselaget vil sponse oss med midlar. Fysisk aktivitet er eit av satsingsområda våre. Det er kjekt med dans, seier rektor.
Gymlærar Per Einar Langhelle er også imponert over elevane:
– Mange, gutar spesielt, er skeptiske til dans. Men denne dansen er suveren, berre smil og fantastisk motivasjon. Instruktøren har verkelig fått alle med. - Helsemessig er dans hardt arbeid, du ser jo kor dei sveittar. Og så oppdagar dei kanskje ei muskelgruppe dei ikkje ante dei hadde, seier han. - Du skal ikkje sjå bort frå at elevane vil ønskja meir dans i gymmen etter dette, seier han blidt.

Tekst og foto: Vibeke Blich
Oversetjing: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen