Gardsmiljø på Nordkvingo

Gardsmiljø på Nordkvingo

Masfjordsoga og båtsamlinga

Masfjorden gards- og ættesoge, og Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, som tidlegare var publisert på kommunen si heimeside, er no gjort tilgjengeleg att.

Kommunen har tidlegare publisert ein del historisk informasjon, mellom anna ein digital versjon av gards- og ættesoga frå Masfjorden og informasjon om Masfjorden kommune si båt- og sjøbrukssamling. Vi veit at dette har vore mykje nytta informasjon.

Masfjorden gards- og ættesoge er no lagt ut på ei eiga adresse : www.masfjordsoga.no
Likeeins er Masfjorden båt- og sjøbrukssamling lagt ut på si eiga adresse : www.båtsamlinga.no

Grunnen til at denne informasjonen vart teken vekk frå kommunen si heimeside, er at ein har ynskt å tilpasse utsjånaden på desse sidene til den øvrige utforminga av heimesida. Det er ein praktisk grunn til dette : Den nye utforminga er universell. Det var ikkje den gamle.

Men arbeidet med å leggje ut denne informasjonen i ny utforming er tidkrevjande, og det vil enno ta litt tid før arbeidet kan fullførast. Difor vert desse to sidene gjort tilgjengelege i den gamle utforminga på dei oppgitte adressene. På eit seinare tidspunkt vert både gards- og ættesoga og båt- og sjøbrukssamlinga gjort tilgjengeleg i ny utforming, med lenkjer frå denne sida.

Som tidlegare vil det vere mogleg å sende inn rettingar og oppdateringar av informasjonen som ligg ute på gards- og ættesoga. Desse kan ein sende inn til heimesida@masfjorden.kommune.no. Ein oppfordrar alle til å gjere seg nytte av dette.

Merk at når ein opnar ei av desse sidene i gamal utforming, kjem den fram i eit nytt, eige vindauge. Når ein er ferdig, kan ein lukke vindauget att, og kome attende hit.

Web levert av CustomPublish