Masfjordbrua sett frå Duesund

Masfjordsambandet fekk støtte i utval for miljø og samferdsel

Men 13 røyster vedtok utvalet i går(29. november) å støtte Masfjorden kommune sitt ynskje om å byggja Masfjordsambandet.

Rasmus Laupsa Rasmussen frå Ap sette fram eit forslag på vegne av Ap, Krf og Sp. Dette fekk også støtte frå H, Frp og V etter eit nytt punkt 4 i innstillinga. Høgre hadde eit eige støtteforslag som dei seinare trekte. Dei som let vere å røyste var SV og MDG. Ingen røysta for fylkesrådmannen si innstilling som gjekk ut på at det ikkje var grunnlag for byggja Masfjordbrua eller senda bompengesøknad.

Her er innstillinga til fylkesutvalet og fylkestinget:
«Fylkestinget støttar Masfjorden kommune sitt ønske om å byggja prosjektet Fv570 Masfjordsambandet/Masfjordbrua. Fylkestinget vedtek å senda søknad om ferjeavløysingstilskott og bompengesøknad, datert 16.11.2017, på desse vilkåra:
    
•    Fv570 Masfjordsambandet/Masfjordbrua må fullfinansierast av ferjeavløysingsmidlar, bompengar og kommunale tilskot.

•    Endeleg vedtak om prosjektet og finansiering vert å koma tilbake til utan at fylkeskommunen forpliktar seg ved oversending av søknad om ferjeavløysingstilskott og bompengesøknad.

•    Fylkestinget ber Staten betra ferjeavløysingsmiddelordninga slik at Masfjordbrua i hovudsak kan finansierast av desse kombinert med bompengar og kommunale tilskot. Fylkestinget merkar seg at fleirtalspartia på Stortinget har tinga ein gjennomgang av ordninga ved budsjettforliket november 2017.

•    Fylkestinget meinar at auke i klimagassutslepp skal kompenserast i framtidige klimabudsjett for å ivareta fylkets ambisjonar om kutt i klimagassutsleppa."

Saka kjem opp i fylkesutvalet den 7. desember og fylkestinget den 12. desember (red.)

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

 

 
G
M
T
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Text-to-speech function is limited to 200 characters
 
 
Options : History : Feedback : Donate Close
Web levert av CustomPublish