Heile den flotte gjengen

Heile den flotte gjengen

Leike-17. mai i Indre Masfjorden barnehage

Tysdag 15. mai feira små og store i Indre Masfjorden barnehage leike-17. mai.

Det vil seie at vi arrangerer ei mini 17. mai-feiring i barnehagen. Dette har vi lang tradisjon for, og med eit fantastisk sommar-ver, låg alt tilrette for ei flott feiring! Ein leike-17. mai inneheld stort sett det meste av kva ei "vanleg" 17. mai-feiring inneheld; 17. mai-tog, norske flagg, nasjonalsongen, ulike leikar, pølse med brød, og ikkje minst - is!

Spesielt for årets feiring var at nokre i personalet hadde pynta seg med bunad. Som de kan sjå på bileta er Sognebunaden, Nordhordland si festdrakt, Nordhordalandsbunaden og Gols-bunaden representert her i barnehagen.

Her kan du sjå nokre bilete frå den flotte feiringa vår:

17. mai-toget på veg opp mot skuleplassen     17 mai toget   Potetløp   Klesklypeleiken  Øver før vi går i toget

 

 

Tekst: Maja Aven Dahle
Foto:  Heidi Bjånes Bjørneklett og Pia Yvonne Jakobsen

Web levert av CustomPublish