

(Bilete over: Om ein ikkje ynskjer mose og algevekst, bør steinen vaskas ein gong i året. Da held den seg rein og fin.
Bilete t.v.: Eit gravminne kan utstyras med ei plasthette, for å verne mot ver og vind. Namnet er her retusjert frå biletet.)
- Ein gravstein skal vere tilnærma vedlikehaldsfri i mange år. Problema oppstår ofte når folk gjer noko som påverkar gravsteinen, seier Willy J. Nergård frå Nergård Stenindustri på Eide i Møre og Romsdal. Dei har lang røynsle etter å ha produsert gravsteinar i meir enn 50 år.

Fleire og fleire tenner ljos på gravene. Det er ok så lenge man bruker tilpassa lamper og gravljos. Open flamme er verre, og faklar er slettes ikkje bra.
- Sot, og sprut av olje og talg, trekker inn i porene i steinen. Det kan gje misfarging, åtvarar Nergård.
Slik misfarging er vanskeleg å fjerne. I verste fall må steinen slipast ned for å bli fin att.
Kransar bundne opp med ståltråd er eit anna faremoment. Ståltråden kan ruste. Den må derfor ikkje vere i direkte kontakt med gravsteinen. Som med sot og stearin, trengjer rust inn i porene til steinen med misfarging som resultat.
– Alt som kan ruste, er svineri for gravsteinen, slår Nergård fast.
(Bilete: Hald sot, stearin og rust unna gravsteinane, oppfordrar Willy J. Nergård i Nergård Stenindustri)
Upolerte gravsteiner bør vaskast ein gong i året. Bruk ein kost, til dømes ein oppvaskkost, og vatn. Bruk aldri stålbørste! Ein kan også bruke lett klorinvatn. Heile steinen kan vaskast, inkludert gravpynten. Bokstavane derimot, skal man la vere i fred.
- Man må vaske frå byrjinga av, før ein ser tendensane til mose og algevekst. Dersom dette får etablert seg, veks det inn i porene til gravsteinen og vert så godt som umogleg å verte kvitt, understrekar han.
Dette er sjølvsagt ikkje noko problem dersom man ynskjer at gravsteinen skal eldast med mose og grønske.
Det er dei upolerte gravsteinane som krev mest stell. For dei polerte (blanke) gravsteinane, er det som regel nok å tørke med ein fuktig klut. De polerte gravsteinane tåler også syra i fugleskiten.
Tekst: Kjetil S. Grønnestad
Foto: Kjetil S. Grønnestad/Alf Bergin
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen