Publisert 29.06.04
Framom gravminne kan ein opparbeida eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn gravminne og ikkje gå lenger fram enn 70 cm frå bakkant av gravminnet.
Det må ikkje plantast blomar eller busker som vert høgare enn gravminnet, går ut over plantefeltet eller skygger for andre gravminne.
Grava, plantefeltet eller andre delar av grava skal ikkje rammast inn av hekk, lause steinar, jern, plast eller anna materiale. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget ikring, eller med rund elvestein el. liknande som er delvis nedgrave i bakken. Heil plate med eller utan utsparing for plantar kan berre nyttast der denne kan liggje plant med terrenget. Storleiken på slik plate må ikkje overstige tillate storleik for plantefelt.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting i plantefelt. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Lys/ lykter er tillate i vinterhalvåret.
Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som ender som avfall, skal fortrinnsvis vera komposterbart.
Tekst: Angunn Viken
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen