MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 09.07.09 -

Føresegner for kyrkjegardane i Masfjorden

- Publisert 29.06.04

 

I medhald av lov av 7. juni 1996, lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd ( gravferdslova §21)
Vedtak i Masfjorden kyrkjelege fellesråd den 24.10.00, sak 34/00. Ny vurdering med endringar av føresegner er vedtatt den 28.02.01, sak 09/01. Godkjent av Bjørgvin Bispedømmeråd den 12.03.01.

 

§ 1 KYRKJEGARDSTILHØYRING / RETT TIL GRAV

Avlidne personar som er fastbuande/ heimehøyrande i Masfjorden vert gravlagt på den kyrkjegarden dei soknar til, forutsett at dei ikkje vert gravlagt i annan kommune. Fellesrådet kan gje løyve til å nytta annan gravplass i kommunen.

I samsvar med § 6 i gravferdslova kan fellesrådet gje løyve til at personar busett/ heimehøyrande utanfor Masfjorden får tildelt gravplass i kommunen. For slik gravferd må det betalast fastsett avgift og festeavgift frå grava vert teken i bruk.

 

§ 2 FREDINGSTID OG FESTETID

Fredingstid for urnegrav er 20 år etter siste gravlegging.

Fredingstid for kistegrav er 30 år etter siste gravlegging.

Festetida er 10 år.

 

Dette gjeld både reservert grav og feste av einskildgrav utover fredingstida.

Når det er gått 60 år etter siste gravlegging kan gravfestet ikkje fornyast utan gjennom søknad til fellesrådet.

 

I god til før fredingstida/ festetida er ute skal fellesrådet varsla eigaren/ festaren om dette.

Dersom feste ikkje er oppretta eller fornya innan 6 mnd. etter utsend varsel, fell gravstaden attende til kyrkjegarden og kan fritt nyttast opp att av fellesrådet.

 

§ 3 FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teken i bruk er det, dersom det er praktisk mogeleg, høve til å festa grav ved sidan av til gjenlevande ektemake/ sambuar.

Desse gravene utgjer då ein gravstad.

For den festa grava skal det betalast festeavgift frå fyrste dag.

Festar pliktar å melde frå om endring av adresse.

 

§ 4 GRAV OG GRAVMINNE

Dersom pårørande ikkje sjølve ynskjer å ta vare på sløyfer frå kransar og bårebukettar etter gravferd, skal desse leggjast ned i grava før attgraving. Så snart tilhøva ligg til rette for det, vil grava verte planert og sådd til.

 

Montering av gravminne kan skje tidlegast 4 mnd etter gravlegging av kiste og ikkje i periodar med tele i jorda. I mellomtida skal grava merkast med den gravlagde sitt namn.

 

På dobbeltgrav skal gravminnet plasserast på den grava som fyrst vert teken i bruk og deretter sentrerast på gravstaden etter neste gravlegging.

 

Kyrkjeleg fellesråd har rett til mellombels å leggje ned eller flytte gravminner når dette er nødvendig av omsyn til arbeid som skal utførast ved kyrkjegarden.

 

§ 5 PLANTEFELT

Framom gravminne kan ein opparbeida eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn gravminne og ikkje gå lenger fram enn 70 cm frå bakkant av gravminnet.

 

Det må ikkje plantast blomar eller busker som vert høgare enn gravminnet, går ut over plantefeltet eller skygger for andre gravminne.

 

Grava, plantefeltet eller andre delar av grava skal ikkje rammast inn av hekk, lause steinar, jern, plast eller anna materiale. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget ikring, eller med rund elvestein el. liknande som er delvis nedgravd i bakken. Heil plate med eller utan utsparing for plantar kan berre nyttast der denne kan liggje plant med terrenget. Storleiken på slik plate må ikkje overstige tillate størrelse for plantefelt.

Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting i plantefelt. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Lys/ lykter er tillate i vinterhalvåret.

 

Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som ender som avfall, skal fortrinnsvis vera komposterbart.

 

§ 6 STELL AV GRAV

Ein kvar har rett og plikt til sjølv å stelle den gravstaden ein har ansvar for.

Kransar og anna vinterpynt som ikkje vert fjerna innan utgangen av april, kan verte fjerna av kyrkjegardsarbeidar.

 

Plantefelt som ikkje vert stelt kan kyrkjegardsarbeidar rydda og så til med plenfrø.

Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og stell av grav mot forskotsbetaling.

 

§ 7 GRAVLEGAT

Mot innbetaling av ein fastsett sum til eit gravlegat, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av dagleg leiar i fellesrådet som legatstyrar. Den innbetalte summen med renter skal dekke utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale.

 

Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre.

 

Dersom det oppstår slike økonomiske tilhøve i legattida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyrar gje melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp. Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukaste av kyrkjeleg fellesråd til å gjere kyrkjegarden vakrare.

 

Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.

 

§ 8 BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom i kvart sokn. Desse romma skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve.

Liksyning kan berre skje etter samtykke frå den som syter for gravferda.

 

§ 9 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å driva verksemd på gravplassane skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Denne verksemda skal avgrensast til å gjelde montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

 

Fellesrådet sine tilsette kan ikkje utan løyve frå fellesrådet utføre arbeid eller tenester for private eller næringsdrivande mot betaling. Dei tilsette kan heller ikkje utan løyve frå fellesrådet engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassane å gjera

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen