- Publisert 29.06.04
BETALING FOR KYRKJELEGE HANDLINGAR SOM VERT UTFØRT FOR FRAMANDE KYRKJEMEDLEMAR.
Bjørgvin bispedøme har i sak 121/ 98 vedteke reglement om betaling for kyrkjelege handlingar som vert utført for framand kyrkjemedlem. Dette gjeld betaling for presten.
Masfjorden kyrkjelege fellesråd vedtek fylgjande reglement
gjeldande frå 01.08.02:
- For vigsel kan det krevjast betaling når begge brudefolka er busett utanfor presten sitt tenestedistrikt.
- For gravferd kan det krevjast betaling når både avdøde
og avdøde sine næraste
- pårørande / den som syter for gravferda, er busett
utanfor presten sitt tenestedistrikt.
- For ekstraordinære gudstenester som t.d. ved slektsstemner og liknande som presten tek på seg etter førespurnad.
Storleiken på godtgjersle til presten svarar til den sats
som til ein kvar tid vert nytta for vikartenester.
Skyss- og kostgodtgjering vert å betala i tråd med statens
reiseregulativ.
Fellesrådet tek på seg å betala ut løn til sokneprest i slike høver som nemnd ovanfor. Fellesrådet skal då krevje inn for alle utgifter til leige av personell og kyrkje samla. Bispedømerådet og soknepresten vert orientert.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen