Kunngjering om godkjent reguleringsplan for Skjelsundet naustområde

Kommunestyret i Masfjorden har i møte den 22. juni 2017, sak 045/17 godkjent endring av reguleringsplan for Skjelsundet naustområde. Klagefristen er 27.07.2017.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 5. juli til 26. juli 2017 i ekspedisjonen på kommunehuset på Masfjordnes. Planen er også lag ut på braPLAN. I braPLAN. Søk då på plan-id 126620160003 for Skjelsundet reguleringsplan, sjå under dokumenter.

Om klage og verknad av plan:
Vedtak om godkjenning kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til
post@masfjorden.kommune.no innan 27. juli 2017.

 

Web levert av CustomPublish