Kunngjering av oppstart av arbeidet med ny kulturminneplan

Masfjorden kommune startar opp arbeidet med ny kulturminneplan for perioden 2017-24. Frist for innspel er sett til 15. mars 2017.

Masfjorden kommune startar i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-12 opp arbeidet med ny kulturminneplan for perioden 2017-24. Det vert vist til vedtak i kommunestyret den 13.12.2016, sak nr. 90/16.  
 
Før me kan laga ein ny kulturminneplan, må det gjerast eit grunnlagsarbeid med systematisk kartlegging av verneverdige bygningar og andre kulturminne. Ein vil prøva å få til lokal medverknad frå grunneigarar og eigarar av verneverdige bygningar, kulturinteresserte personar, frivillige lag og andre. Gjennom kartlegging og lokal medverknad vil ein få samla materiale til å kunne laga ein ny plan. Planen må sjåast i høve til samfunns- og arealdelen i kommuneplanen. Kulturminna må førast inn i registeret Askeladden.

Ein oppmodar med dette alle lag, organisasjonar og enkeltpersonar med engasjement for kulturminne til å koma med innspel til Masfjorden kommune, innan 15. mars 2017.
Innspel skal sendast til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, 

eller til post@masfjorden.kommune.no.

Her finn du elektronisk merknadsskjema

 

 

Tekst: Alf Magnar Strand, oppvekstleiar

 

Web levert av CustomPublish