Jon Martin Skauge får overrekt kulturprisen av ordføraren

Jon Martin Skauge får overrekt kulturprisen av ordføraren

Kulturprisen for 2017 til Jon Martin Skauge

Den vart overrekt av ordførar Karstein Totland på Stordalen Fjellfestival laurdag 17. juni.

Prisen er ein sjekk på kr. 10.000 og ein diplom.

Ordføraren la vekt på at årets vinnar er ein kulturarbeidar med mange jern i elden noko som kjem innbyggarane i kommunen til nytte og glede. Han har tilført kulturlivet i Masfjorden kompetanse som ein ikkje har hatt tidlegare, noko som også har ført til stor vekst og utvikling for musikklivet.

Han arbeider med elevar, men han deltek i langt meir kulturarbeid enn det som ligg til arbeidet hans. Han har stor vilje til å delta der unge musikantar er i elden.

Mange elevar kan takka han for den utvikling dei har hatt innan musikken. Gjennom målretta arbeid har prisvinnaren fått mange unge musikarar til å nå lenger enn det dei hadde trudd var mogleg. Han har ei eineståande evne til å inspirera til ekstra innsats og til å setja saman grupper av musikarar som kan laga gode produkt i lag.

Dei seinaste åra har kulturskulen med uvurderleg innsats og hjelp frå han gitt ut fire cd-ar.

Masfjorden kommune sin kulturpris 2017 går til Jon Martin Skauge.

 

 

Foto: Anne Kristin Rafoss

Web levert av CustomPublish