Skisse over prosjektert bru mellom Duesund og Masfjordnes

Skisse over prosjektert bru mellom Duesund og Masfjordnes

Kommunereforma

Stortingetsforlik om kommunereform juni 2014 i samband med handsaming av kommuneproposisjonen for 2015, kor alle kommunar vert pålagt å utgreie om vi skal gå saman med aktuelle nabokommunar med sikte på å etablere ein ny kommune, eller halde fram som eigen kommune.

Masfjorden har valt å utgreie 3 alternativ;

  • halde fram som eigen kommune,
  • Nordhordland (alle eller deler av noverande kommunar i regionen)
  • Masfjorden, Gulen, og (alt. Solund - Høyanger sør – Modalen)

Tidsramme for arbeidet inneber at kommunane må gjere ei endeleg avgjerd innan mai/juni 2016. Stortingshandsaming av ny kommunestruktur skal etter planen skje innan 1.halvår 2017, og ein legg  legg til grunn at samanslåingane vil setjast i verk seinast frå 1. januar 2020.

Prosessøyle for handsaming av kommunereforma
Kommunestruktur har stått på agendaen til dei folkevalde i Masfjorden og regionrådet for Nordhordland i fleire år, og det er gjort ein del politiske vedtak. I tillegg har regionrådet bestilt ein del utgreiingar og analysar, som er svært relevante for den vidare prosessen.

Målet med denne sida er å gi politikarar og innbyggjarar i Masfjorden tilgang til historiske vedtak, rapportar, sentrale råd og retningsliner - samt eit innblikk i den kommunale og regionale prosessen.Sida skal vere eit lokalt supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine eigne sider om kommunereforma.

 

Tekst: Svein Helge Hofslundsengen

 

Departementet sine informasjonssider og andre sentrale lenker finn du i menyen til høgre på sida. Les du saka på mobil, finn du lenkene i ein boks under artikkelen.

Web levert av CustomPublish