MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 06.07.09 -

TRODALSSAMLINGA

 

Olav Trodal i trodalsamlinga

Olav S. Trodal har eit heilt spesielt hus på garden sin, der han i dag har ei rikhaldig tingsamling. Sjølve huset er frå 1820 og har to fulle etasjar i ei lengd som gjev plass til to stover, eit kjøkken og eit tilbygg etter kvarandre. Huset er bygt i det ein kan kalla Austlandsstil. Ideen fekk oldefaren, Hans Matre, då han var i militærteneste ved svenskegrensa i 1814. Tre masfjordingar var den gongen austpå, og det vart bygt fire slike hus i indrefjorden då dei kom heim att.

(Bilete syner Olav Trodal ved sida av eit lokalt kassedrag mala i 1855. Dette har tilhøyrt Ole Hansen, som var bestefar til Olav på farsida.)

 

I tillegg til huset i Trodalen står det framleis eit på Matre og eit på Hogsvær.Det er i tilbygget Olav S. har ei svært så mangfaldig tingsamling.

 

Kommunen har vist interesse for samlinga og har løyvd midlar til både reparasjon av huset,
alarmanlegg og i 1999 til dokumentasjonsvideo. Også Fylkeskonservatoren har gått inn for å berga samlinga for ettertida. I 1991 og 1992 var to mann frå fylket i Trodalen og utførte gjenstadsregistrering/museumskatalogisering. Om lag 600 gjenstandar er registrert. Samlinga har over 700 gjenstandar den eldste er over 1000 år gamal.

 

Samlinga er teke med i ein oversikt over Norske museum og samlingar på landsbasis, og har der fått signaturen OTS-samlinga.

 

Sidan 1979 har han samla større og mindre ting frå heimgarden. Det er nesten utruleg for eit breitt felt denne samlinga spenner over. Mellom anna finn ein tekstilar som klede, dukar og sjeldne teppe, eit rikt utval av kister og skrin, nesten alle mogelege sortar verktøy, kjerald, reiskapar og maskiner, og alt ein trengde for å kunne kara, spinne, renne og veve, Av fangstreiskapar finst det ei sjelden fangststong for storvilt som ulv, gaupe og jerv, ei svanehals. - revesaks og to fotsakser.

 

Eit besøk i samlinga er ei vandring gjennom lokalhistoria - fjern og nær. Samlinga er dessverre stengt for besøk inntil vidare .


 

Tekst: Jonas Riisnes og FVH
Foto: Frode Vee-Haugen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen