MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 06.07.09 -

Skulemuseet i Masfjorden

 


 

Huset vart seinare flytta. Kommunen kjøpte det og flytta det til Torsvik i 1887. I 1928 vart huset flytta frå Torsvik til Frøyset, der det står no. Det vart då påbygd. (bilete under)

 

 


Nordbygda skule, tilbygg opna 1992

 

KVA ER SKULEMUSEET ?

1. Gamle Sleire skule vart bygd i 1894. Nye Sleire skule vart teken i bruk hausten 1957. For over 10 år sidan vart så det gjennom kulturstyret oppretta eit skulemuseum i dette skulehuset. Gjennom siste delen av 90-talet har så samlinga vorte ståande utan å bli nytta. Det tidlegare levekårsutvalet tok i år 2000 initiativ til å oppnemna eit styre for skulemuseet.

 

Føremålet er å nytta samlingane her både til pedagogisk bruk for elevane i dagens skule i Masfjorden og å få til eit museum for folket.

2. Styret for skulemuseet var:

Birger Wergeland, politikar frå Levekårsutvalet.
Lars Gunnar Lie, lærar og kontaktperson skule.
Frode Vee-Haugen, sekretær for styret.
Olav Mongstad, oppvekstleiar (slutta).

Styret er av ulike årsaker ikkje blitt konstituert.

3. Det er Masfjord fotballag som har teke på seg dugnadsarbeidet med å få reingjort og måla skulemuseet. Stor takk til den innsatsen dei har gjort!

 

BRUTTOBUDSJETT, GRUNNSKULEN

Ei oppstilling av utviklinga av skulebudsjetta viser:

1940 (Førkrigsbudsjett) 75 740
1950 (Etterkrigsbudsjett) 168 550
1960 (Før 9-årig skule) 426 000
1970 (Innført 9-årig skule 1 689 000
1993 (Grunnskulen) 14 416 500
1996 ( Før 10-årig, men
med barnehagane) 21.869.000
2000 (10-årig grunnskule
med barnehagane) 27.547.000

Gamle Sleire skule

Gamleskulen på Sleire vart bygd i 1894.
I dag er han nytta som skulemuseum.

Masfjordskulen frå 19 krinsar til 3 i 1-10 årige skular. Les meir

 

FØRSTE FASTE SKULEHUSET I MASFJORDEN.

Første skulebygget i Masfjorden var Risnes skule som vart bygd i 1849. Det var kosta av kyrkjesongar, seinare ordførar og lensmann Erik Riisnæs.

 

SKULEKRINSANE I DAG

Masfjorden gjorde alt i 1964 vedtak om at det skulle vera 3 skulekrinsar i kommunen.

 

I 1968 vart Matre skule bygd som samla skule for Indrefjorden, Sandnes skule vart teken i bruk som skule for heile Sørsida i 1965. Fram til 1976 var Sandnes sentral ungdomsskule for heile Masfjorden. Ved bygging av Nordbygda skule i 1976 var planane for tre skulekrinsar fullført.

 

Saka om kor ungdomsskulen skulle vera, vart ei stridssak gjennom fleire år. I 1978 enda
saka med stadfestinga i kommunestyret at kommunen skulle ha tre ungdomsskular. Dette er dagens mønster i Masfjorden.

 

HAR DU BILETE SOM KAN NYTTAST I SKULEMUSEET?
I den korte tida ein har arbeidd med prosjektet, har det ikkje lukkast å få tak i bilete frå alle skulane i Masfjorden. I bygdene trur vi det finst fleire bilete som kunne vore nytta. Dersom du har slike bilete, ta kontakt med nokre i styret. Vi vil gjerne låna desse og få dei avfotografert.

1.-3. klasse på Solheim skule skuleåret
1967/68. Avskild med Solheim skule til jul 1967. Foto: Jon Hope

 

Styret er på jakt etter bilete både av skulehusa og av elevar og aktivitet knytt til desse.Dersom du har slike bilete, er vi svært interessert i å få tatt kopi av dei.

 

SAMLINGANE I SKULEMUSEET

I skulemuseet er det samla utstyr som skriv
seg alt frå omgangsskulen si tid. Det er ei historisk boksamling, vi finn lærebøker, læremidlar og faglitteratur frå eit stort tidsspenn i Masfjord - skulen.

Med alle skulekrinsane, er det sjølvsagt mykje utstyr. Du finn plansjar, kart, globus og andre hjelpemidlar. Det er ei utgåve av samanleggbar tavle som læraren i omgangsskulen hadde med seg. Det er ei kiste og kartrullar som læraren måtte frakta med seg mellom dei ulike plassane det var omgangsskule. Eit bord frå tida med omgangsskule er det og. Heldigvis har lærarane i skulane teke vare på materiell frå fleire tidsepokar.

Museet har og ei samling sløydutstyr. Gutane hadde sløyd her i skulen, medan jentene hadde handarbeid på nye Sleire skule utover på 1960-talet. Loftet er innreidd som ein bustad (lærarinnehybel).

 

(Bileta og informasjon er henta frå "Fjon frå fjell til fjord.")

 

 

 

Tekst: Olav Mongstad, oppdatering ved FVH

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen