Eit museum er ein varig institusjon der verksemda ikkje er basert
på økonomisk gevinst. Eit museum skal vera opent for
publikum. Det skal tjena samfunnet og utviklinga av dette ved å
samla inn, konservera, utforska, formidla og stilla ut materielle
levningar etter mennesket og mennesket sine omgjevnader. Dette skal
gjerast med tanke på forskning, undervisning og oppleving.
(Henta frå defenisjonen til International Council og Museums
- ICOM, som har rådgjevarstatus for UNESCO, FNs organ for
kultur og vitenskap)
Kulturminne
Alle meneskeskapte spor i omgjevnadene våre, frå dei
eldste tider når dei fyrste innvandrarane kom til landet vårt
og fram til i dag. Døme på kulturminne er steinalderbuplassar,
gravrøysar, helleristningar, gamle bruer og vegar, offerplassar,
steingardar, uteløar, gardsanlegg, kvernar, kyrkjer, bustadhus,
fiskevær, handelsplassar, skipsvrak, båtar og farty,
fyr, industribygg, jernbaneanlegg m.v.
Automatisk freda kulturminne.
Alle kulturminne som er frå før 1537, samiske kultuminne
som er eldre enn 100 år. Dei er freda etter kultuminnelova
utan fredingsprosedyre. Det same gjeld for ståande bygningar
som er erklæret å vere frå før 1650.
Freda kulturminne.
Vert berre brukt om kulturminne som er vedtaksfreda etter kulturminnelova.
Verneverdig.
Kulturminne som bør takast vare på. Eit verneverding
kulturminne er ikkje automatisk eit formelt verna objekt. Nokre
av kriteria som ligg til grunn for vurdering av verneverdi er:
Alder, autensitet, historisk kjeldeverdi, miljøverdi og pedagogisk
verdi.
Tekst: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen