MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.10.10 -

Glimt frå sommarutstillinga i Kvamsdals fargeri

”Klåre Fargar, Trådar og Snirklingar”

 

Sonja Berlin i fargerietUtstillinga “Klåre Fargar, Trådar og Snirklingar“ av den svenske tekstilkunstnaren Sonja Berlin vart vist på tørkeloftet i fargeriet frå 19. juli til 10. august.

 

I veke 30 arrangerte Masfjorden kommune i samarbeid med Hordaland husflidslag sommarkurs i brikkevev. 11 kursdeltakarar frå heile landet samlast på Sandnes for å læra brikkevev hjå Sonja Berlin. Berlin har sidan 1970-talet, då ho lærde seg vevteknikken på kurs i Noreg, levd og virka med brikkevevinga som utøvande tekstilkunstnar i Sverige i over 30 år. Kurset vart svært godt motteke av deltakarane, så godt at dei alle likegodt ”bestilte” nytt kurs med Sonja neste sommar. Kurset vert på Sandnes 1.-3. juli. Interesserte kan ta kontakt med Masfjorden kommune. 

 

Sjå også http://www.nordhordland.no/puls/article3685394.ece samt www.sonjaberlin.com.

 

 

I utstillingsperioden har Sonja  budd på Sandnes, og vore vert for utstillinga si.  Mange har vore innom Fargeriet, og møtet med publikum og den flotte Masfjordnaturen har begeistra den svenske kunstnaren.

 

Den fargerike utstilling passa svært godt i Kvamsdals fargeri, og gjev inspirasjon til å nytta lokalet til fleire utstillingar.

 

 

 

 

Tekst: Anette Thorsheim

Foto: Rune Garmann og Sonja Berlin

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen