
Fotogalleri: Utstilling i 2009 med Åse Eriksen
Dokumentasjonsvideo om fargeriet (311 Mb)
Fargeriet
vart grunnlagt av Rasmus Kvamsdal i 1889, i kjellaren i det nye
bustad - huset hans på Sandnes. Då hadde det truleg
alt vore drive fargeriverksemd på staden ei tid.
Sandnes var ein strategisk god plass å legga eit fargeri:
her var kyrkja, her var handelsmann, og folk hadde godt høve
til å ta med seg vadmål og kvitlar når dei likevel
hadde ærend dit. Verksemda må ha gått godt, for
alt i 1902 vart det naudsynt å utvida fargeriet.
Det vart bygd eit påbygg til huset, med innreiing i kjellaren
til fargeriverksemda, og med eit stort loftsrom oppå, fargar
- loftet, der det vart plass til å henge dei ferdiggjorde
tekstilane til tørk. Det vart også kjøpt inn
damp - maskin som vart erstatta med ei ny i 1915.
I tretti- og førtiåra endra føresetnadane for
fargeridrifta seg. Etter kvart vart det vanleg at ulla vart levert
ubearbedd til ullvarefabrikkane mot kontant betaling. Og bearbeidde
ullprodukt i staden vart kjøpte. Dette gjorde at kundegrunnlaget
etter kvart vart borte. På slutten av driftstida hadde fargeriet
kundar frå Sognesjøen i nord til Stord i sør.
I 1954 var fargeriet lagt ned. Lokala vart ikkje nytta til anna
næringsverksemd, og fargeriutstyret er ikkje flytta ut, det
står der bortimot inntakt slik det stod den gang.
Den fyrste dampmaskina som vart kjøpt inn i 1904 vart restaurert av Gunnar Mikkelsen's Maritime Samlinger i 2003. Den stod utstilt der fram til 2005. No er den midletidig til låns av Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter i Salhus. Her kan du sjå den utstilt i gmms.no.
- Det er produsert ein dokumentasjonsvideo/DVD om Kvamsdals fargeri.
- Det er høve til å besøke fargeriet.
- Du kan ta kontakt med Masfjorden kommune v/Alf Magnar Strand, tlf. 56166241
Tekst og foto: Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen