§ 1
Bjørn West-museet omfattar eit to-etasjers trehus på
Matre frå 1912 og fire garasjar med grunn, gnr. 59, bnr. 44.
Ei sæterbu vart flytta til museet i 1995 og er ei gåve
frå BKK. I samlinga inngår ein livbåt frå
Vigra, restar av Halsøygavlen og ein god del militære
gjenstandar, kart , dokument, lydband, foto og videoopptak. I tillegg
kjem ei fagcelle frå Gestqpohuset i Veiten i Bergen.
Alle våpen og millitære gjenstandar er etter lov Staten
sin eigedom og vert forvalta av Forsvarsmuseet.
§ 2
Bjørn West-museet er ei stifting med føremål
å ta vare på og gjere tilgjengeleg soga om Bjørn
West. Museet skal også femna om minna frå den lokale
motstandsrørsla i Bergen, Nordhordland og Ytre Sogn, både
den militære og den sivile. Vidare må museet arbeide
for å ta vare på og formidle minne som kastar lys over
folks levekår under krigen.
§ 3
Bjørn West-museet er ei særskilt rettsskiping med eige
budsjett og rekneskap og med ein grunnkapital på kr. 400.000,-.
Rekneskap og årsmelding skal sendast til deltakande kommunar
og til Fylkesmannen for godkjenning innan 1. mars kvart år.
Rekneskapen skal vere revidert av ein statsautorisert eller registrert
revisor.
§ 4
Stiftinga er oppretta 1991 av fylgjande kommunar i Nordhordland
og Ytre Sogn, som for 2000 har løyvt midlar slik:
Gulen kr. 5.000
Lindås kr. 5.000
Masfjorden kr. 45.000
Modalen kr. 5.000
Osterøy kr. 5.000
Hordaland fylkeskommune har løyvd kr 15.000.
Masfjorden kommune har vederlagsfritt overdrege huset og fire garasjar
med tomt til stiftinga.
§ 5
Stiftinga vert leia av eit styre på 7 medlemer med personlege
varamedlemer pluss to observatører med møte- og talerett,
men som ikkje har stemmerett.
Styret skal ha fylgjande samnasetning:
Ein representant vald av kvar av dei deltakande kommunane (5)
Ein representant vald av Bjørn West-museets venner (1)
Ein representant vald av Masfjorden Sogelag (1)
Ein observatør kan sendast av Hordaland Fylkeskommune
Ein observatør kan sendast frå Forsvarsmuseet eller
Distriktskomando Vestlandet.
Funksjonstida for dei valde representantane er 4 år.
Styret vel formann for to år om gongen mellom styrerepresentantane
frå Masfjorden.
I fyrste periode går tre ut etter to år, ved loddtrekkning
mellom styremedlemene unntatt formannen.
Formannen kallar inn styret med minst åtte dagars varsel.
Styret vel skrivar og kasserar som ikkje treng å vera medlem
av styret.
Styret er vedtaksført når minst fire av medlemmene er til stades. Ved likt stemmetal er formannen si stemme avgjerande.
Det skal førast protokoll for kvart møte. Referat og protokolltilførslar skal vera godkjent av alle.
§ 6
Styret er ansvarleg for drifta av stiftinga og forvaltning av eigendomen,
og vil ha fagleg samarbeid med Fylkeskommunen, Forsvarsmuseet og
eventuelt andre museum innan fagfeltet.
Bindande underskrift vert gjeven av styreformann og minst eitt
styremedlem.
Styret skal arbeide for å skaffe stiftinga økonomisk
plattform for forsvarleg drift.
Styret skal utarbeide budsjett for stiftinga innan 1. oktober og
sender dette til dei deltakande kommunane.
Museet skal vera ope for alle. Opningstider og inngangspengar vert
bestemt av styret.
Styret skal serleg arbeide for å leggja tilhøva til
rette for skuleelevar.
Styret engasjerer det nødvendige personell for drift av stiftinga
og gjev reglar for deira ansvar og arbeidsområde.
§ 7
Museet sine eigne lutar kan ikkje avhendast eller gjevast bort.
Med godkjenning frå Forsvarsmuseet kan syret gje løyve
til utlån for kortare eller lengre tid.
§ 8
Styret kan med 2/3 fleirtal vedta å endre vedtektene. Endringsframlegget
skal liggje ved innkallinga. Etter stiftelseslova skal fylkesmannen
godkjenne endring av vedtektene for stiftinga.
§ 9
Dersom ikkje styret greier å drive museet, skal huset overførast
til vertskommunen, Masfjorden.
Fylkesmannen må godkjenne ei eventuell oppløysing av
stiftinga
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen