|
Bjørn West-museet har namnet sitt etter ein geriljabase som blei etablert i fjellområdet rundt Matre de siste 6 månadene av 2. verdskrig. I de allierte sine planer skulle basen operere som reserve bak de tyske linjene i tilfelle alliert invasjon.
Historia om BJØRN WEST er dramatisk, interessant og spanande norsk krigshistorie, som det er museet si oppgave å ta vare på og formidle til nye generasjonar.
Ved hjelp av bilete, biletspel, tekst, film og intervju med enkelte som var med, får ein innblikk i avdelinga både i kvardag og krig. Museet søker dessutan å informere om dei tilhøve som soldatane levde under, om utruleg slit med å få fram forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og matmangel samt problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral.
Under krigen holt ein avdeling på 30 tyskarar og 200 russiske krigsfangar til i Matre for å skaffe sand til utbygging av tyske festningsverk.
I dei siste vekene av krigen heldt Matre å bli et nytt Telavåg. Alle voksne menn blei arrestert og sendt til ein fangeleir ved Bergen der dei sat til krigen var slutt. Det vart også sagt at bygda skulle brennast og kvinner og barn sendast til Tyskland. Dette ble det heldigvis ikkje noko av. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Tekst og foto: SM Design
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen