MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 23.08.10 -
Bjørn West logo

Bjørn West-museet

 

Hovudside Bjørn West-marsjen Styremøter/årsmøter Bilvandring
Om museet Kartutsnitt/bilete Vedtekter 10 års markering

 

 

 

Museet opnar for sesongen laurdag 1. mai. Fram til sommaren blir det ope kvar laurdag og søndag kl 13-16. Museet rundar snart ein milepæl, og den som blir besøkande nr 50.000 blir gjort stas på med middag for 2 på Einekavane og overnatting på Stordalen Fjellstove.

 

OPNINGSTIDER:

Mai - sept., laurdag og søndag kl. 13.00-16.00.


Juni - august, måndag til fredag kl. 11.00-16.00.


Ved besøk utanom opningstidene, ta kontakt med museet på tlf. 56 36 63 00.

 

Prisar: Vaksne kr 30,-, Born kr 10,-

Grupper kr 20,- (10 eller fleire)

 

Kontaktperson Arne Berg, 5984 Matredal

 

Korleis kome hit

Bjørn West-museet ligg i Matre, ved E39, ca. 1 time nord for Bergen og ca 30 min sør for ferjeleiet Oppedal/Lavik i Sognefjorden.

 

I Matre har BKK to store kraftstasjonar i fjell som forsyner Stor-Bergen og deler av Vestlandet med elektrisitet. Havforskningsinstituttet har en internasjonal forskingsstasjon her, her er skule, og i Grøn Næringspark Matre er det ledig næringsareal eller du kan klatre i Buldrestein eller hoppe i sykkelløypa.

 

Historisk bilvandring

Eit besøk på Bjørn West museet kan kombinerast med bilvandring til Stordalen Fjellstove der Bjørn West hadde hovudkvarteret sitt. Undervegs er det 8 stoppeplassar for informasjon om hendingane i området.

 

I Stordalen står det og ein bauta over 6 falne Bjørn West - soldatar samt Torgeir Stordal som ble skoten av tyskarane der. Frå Stordalen kan ein halda fram ned til Førde ved Sognefjorden og vidare til Massnes Villmarksmuseum som har ei stor samling av gamle bruksting og utstoppa og levande dyr. Frå Massnes er det berre 11 km til Oppedal ferjekai.

 

 

 

Tekst og bilete: Bjørn West-museet

 


Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen