MargfeltTil hovudsida

Gå direkte til innhald
Oppdat. - 24.06.10 -

Museum

 

Kva er eit museum?

 

Bjørn West-museet

Bjørn West-museet

Museet ligg i Matre, innerst i Masfjorden ved E39, ca. 90 km nord for Bergen og 25 km frå fergeleiet Oppedal på sørsida av Sognefjorden. Namnet har det etter ein geriljabase som blei etablert i fjellområdet rundt Matre dei siste 6 månadane av 2. verdenskrig. Les meir

 

 

Huset til Trodalsamlinga

Trodalssamlinga

Bustad i austlandsstil frå 1820-åra. Tingsamling som omfattar omlag 700 gjenstandar frå bruket i Trodalen. 2. høgda har eit eige medierom med gamle avisutklipp bl.a. frå frigjeringsdagen. Eigar er Olav S. Trodal. Samlinga er stengt inntil vidare. Les meir

 

 

Kvamsdals fargeri

Kvamsdals fargeri

Fargeriet vart grunnlagt av Rasmus Kvamsdal i 1889, i kjellaren i det nye bustadhuset hans på Sandnes. Då hadde det truleg alt vore drive fargeriverksemd på staden ei tid. Fargeriet vart nedlagt i 1954.
Utstyret står nesten komplett slik det var den gongen. Les meir


 

Sandnes nothus

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

Sandnes nothus vart bygd på slutten av 1800-talet og var eigd av eit notlag på 12-13 mann. Nothuset som er bygd på i fleire etappar seinare. Nothuset er kanskje det einaste i sitt slag i heile fylket med denne konstruksjonen.
Les meir

 

Sleire skulemuseum

Skulemuseet i Masfjorden

Gamleskulen på Sleire vart bygd i 1894. I dag er han nytta som skulemuseum. Les meir

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Lovisa Midtbø - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen