Her finn du lenke til Det norske hellerprosjektet: Storsetehelleren
Menneska
slo seg til i Storsetehelleren for første gong i eldre jernalder,
dvs. i hundreåra like før eller like etter Kristi fødsel.
Funnet av den såkalla krimkniven peikar nemleg mot denne tida.
Dei andre reiskapsfunn - m.a. saks, knivblad, bryne og spinnehjul
- er meir vanlege typar som har vore i bruk i lenger tid. Beinmaterialet
fortel at både vilt og tamdyr har vore viktige innslag på
matsetelen saman med fisk.
Helleren har truleg vore nytta som bustad sesongvis av bønder
på jakt og fiske. I så fall er helleren eit døme
på menneska sin blandingsøkonomi som har vore vanleg
i kyst- og jordstrøka våre. Vi kan heller ikkje sjå
bort frå at hellerbusetnaden kan ha samanheng med gamal stølsdrift
på Storseten.
Storsetehelleren vart oppdaga av sokneprest Torbjørn Frølich i 1913. Mindre arkeologiske undersøkingar vart gjennomførde i 1914 og i 1985.
Alle fornminne er atomatisk freda ved Lov om kulturminne av 9.
juni 1978. Skadeverk på freda kulturminne medfører
straffeansvar.
Cave-dwelling dating back to the Earley Iron Age. The site is protected
by law.
Dei 46 gjenstander som er funne er oppbevart ved Historisk museum
i Bergen.
Det er skrive eit grundig notat om fornminne med tittelen:
Foreløpig innberetning om Storsetehilleren
i Matre, Masfjorden, ved Bjørn Ringstad, Historisk
museum 1985. FVH 2001.
Tekst: Kjersti Randers, Historisk museum, Universitetet i Bergen.
Undertekst: Frode Vee-Haugen
Foto: Scandion
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen