MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.07.09 -

Kulturminne

 

Kva er eit kulturminne?

 

Sloket med vasshjulet i enden

 

Mollandseid kvern- og sagbruk

Sagbruket og kverna var i bruk til 1950-åra. Då tok elektrisk straum og nyare teknologi over. Alt under andre verdskrigen, kring 1942, var eit lite kraftverk i bruk her, Med ei halv hestekraft skaffa det skulehuset straum. Om kraftverket var i sjølve kvernhuset er ikkje stadfesta. Les meir

Husmannsplassen sett ovanfrå

 

Matreøy husmannsplass

Våningshuset (bolighus)

Våningshuset høyrer til Matreøy husmannsplass. Restaureringa tok til i 1991 med midlar frå kommunen, fylket og eigaren Malfred M. Matre. Huset blei jekka opp, fekk ny kledning og nytt torvtak. Les meir

Inngangen til "Matrehola"

 

Storsetehelleren

Storsetehelleren vart ”oppdaga” av sokneprest Torbjørn Frølich i 1913. Mindre arkeologiske undersøkingar vart gjennomførde i 1914 og i 1985. Helleren har truleg vore nytta som bustad sesongvis av bønder på jakt og fiske. Storsetehelleren vert også populert kalla "Matrehola" på folkemunne. Les meir

Hommelfossen kraftstasjon sett frå vegen

Gamle Hommelfossen kraftstasjon

Arbeida ved Hommelfossen starta alt i 1917 av dåverande eigar, Matrefaldene, Norsk Hydro. Under krigen heldt tyskarane fram med oppbygginga av kraftverket. Det vart teke i bruk i 1944. Etter krigen tok Bergenshalvøens kommunale kraftselskap, BKK, over eigedomsretten. Kraftverket vart då oppjustert og sto driftsklart i 1953. Les meir

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen