Fram til 1870-talet var Sandnes sokn ein del av Lindås kommune, prestegjeld og lensmanns - distrikt. Så kom det eigen sokneprest i 1876, det kommunale sjølvstende kom i 1879 og eigen lensmann året etter.
Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand, Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås.
I mellomalderen høyrde mesteparten av Masfjorden til Gulen skipreide. Denne var då ein del av Hordafylket; det gamle Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på 900-talet.
På 1600-talet ser vi at størstedelen av Masfjorden framleis høyrde til Gulen skipreide, medan Austfjordgardane framleis høyrde til Eikanger skipreide. Desse vart overførte til Lindås skipreide i 1853, og i 1879 vart altså Masfjorden eigen kommune.
Masfjorden har bygdelag med gode skogsvidder, og det har vore skipa mykje ved og bygnings - tømmer utover til kystbygdene. Det var vanleg å skaffa seg tømmer frå Masfjorden i byte mot fisk.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen