Haugsvær badeplass Nyopna i 2006 ved hjelp av helselaget. Den ligg midt i bygda nede ved den gamle dampskipskaien. Les meir
Areklettsanden
Ligg på Holsøya i Nordbygda. Området er om lag 50 da.
og har ei fin langgrunn sandstrand.
Området har svært god plass på svaberg rundt.
Kommunen har inngått kortsiktige leige- og ryddeavtalar med grunneigarane.
Tilkomst/parkering: Plass til bra med bilar, og kort og lett veg til
stranda frå parkeringsplassen.
Må køyra gjennom eit gardstun for å koma til parkerinsplassen.
Skilting: Skilt til Areklett frå fylkesvegen like etter Hostelandstunellen.
Er ikkje skilta som strand.
Kan vera vanskeleg å finna om ein ikkje er lokalkjend.
WC: Ved parkeringsplassen, ikkje ved stranda.
Sand: Stort område med sand, men ein del skjel.
Ådnevika (Sandnesvika)
Ligg ved kommunehuset på Sandnes og er på om lag 20
da. Området har ei mindre men fin sand - strand som heiter
Ådnefjøra. Det fine svaberget omkring heiter Helletangen
og vert mykje brukt til soling. Kommunen har inngått kortsiktige
leige- og ryddeavtalar med grunneigar og Sandnes vel.
Tilkomst/parkering: God plass til bilar ved kommunehuset, kort veg å
gå.
Skilting: Skilta som badeplass/badeområde.
WC: Bygd nytt wc ved stranda.
Sand: Rydda for stein og tang, svært bra. Barnevenleg
Merksdalen badeområde
Kort veg frå riksvegen på Masfjordnes. Om lag 500 m frå
oppkøyringa til Fjon grendahus når du køyrer mot ferjekaien
på Masfjordnes. Tilkomstveg, kai og wc er bygd på dugnad av
Fjon båtlag med tilskot frå Masfjorden kommune.
Området har fint kaianlegg med ei mindre sandstrand
Tilkomst/parkering: God plass til bilar ved riksvegen. Ei lite stykke
å gå.
Skilting: Ikkje skilta førebels
WC: Bygd nytt wc ved standa.
Sand: Rydda for stein og tang, bra.
Tekst : Frode Vee-Haugen
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen