Vedteke i kommunestyret den 18.04.05.
Pkt. 1, siste setning vart endra i kommunestyret den 11.12.08.
1. Det kan gjevast etableringstilskot til førstegongs etablering med eigen privat bustad i Masfjorden kommune med kr. 30.000,-. Det vert ikkje gjeve tilskot til etablering gjennom kjøp og overtaking av hus og gardsbruk.
Etableringstilskotet vert auka til kr. 40.000 for dei som er under 35 år, jf. K-sak 99/08.
2. Etableringstilskot vert berre ytt til ungdom i etableringsfasen. For å koma innafor definisjonen "ungdom i etableringsfasen", må søkjaren vera under 40 år den dag mellombels bruksløyve/ferdigattest ligg føre.
3. Søknadsfrist vert sett til 1. september kvart år, for utbetaling i neste budsjettår, slik at midlane til etableringstilskot kan innarbeidast i årsbudsjettet til kraftfondet.
4. Ved søknaden må det leggjast ved attestasjon på at søkjaren er byggherre, og skal vera eigar av huset.
5. Etableringstilskotet vert nedskrive over 5 år. Ved sal av bustad eller flytting frå kommunen før dette tidsrommet er ute, skal kommunen ha tilbakebetaling i høve til den tid som er gått.
6. Rådmannen får fullmakt til å ta stilling til innkomne søknader.
Etableringstilskotet kan betalast ut etter nærare vurdering når mellombels bruksløyve eller ferdigattest føreligg.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen