bandsamspel

bandsamspel

Inspirerande kulturskuleturne

Etter ein hektisk «verdsturnedag» i Masfjorden, med tre konsertar på «løpande band», rigging, øving, framføring, nedrigging og køyring var konklusjonen etter siste tone på Matre-konserten eintydig: Dette var moro. Dette må me gjera meir av!

Ei gruppe på tolv kulturskuleelevar og fem lærarar nytta tysdagen til å halda konsertar på dei tre skulane våre. Med seg i bagasjen hadde dei eit konsertprogram med stor spennvidde, med alt i frå klassiske Mozart-tonar, nye og eldre hits, vakre viser og heftig rock’n roll til Kygo. Programmet vart framført av enkeltelevar, grupper og heile ensemblet. På kvar skule var det gjesteinnslag med lokale heltar. Programmet vart leia av dei unge aktørane.

Ei flott stemme og ein gitar

Stemninga på dei tre konsertane var framifrå. Publikum var med frå første tone, dei klappa, knipsa , song, jubla  og var gode lyttarar.  Akkurat slik utøvarane ønskte det. På siste konsertinnslaget vart publikum utfordra til å vera med. I eit heilt uoffisielt Masfjordmeiserskap i allsong  song elevane for full hals i håp om å vera litt betre enn dei andre skulane. Då alle elevane reiste seg og tok sats var det like før taket letta i gymsalane, både på Sandnes, Nordbygda og på Matre.

Kraftfull allsang

På heimvegen i bilen heim frå turnedagen er det tid for litt oppsummering:

- Dette har vore ein utruleg kjekk dag, seier Ann Regine. - Eg synest me fekk til flotte framføringar. Det var kjekt å spela saman med andre kulturskuleelevar frå andre delar av kommunen, i tillegg til å høyra det dei framførte. Og så hadde me det gøy saman!

- Og så var det fint å oppleva kor godt me samarbeida undervegs. Me hadde eit stramt program med mykje utstyr som skulle riggast opp og ned på kort tid,og me hadde lydprøvar, men når alle gjorde jobbane sine gjekk dette leikande lett, seier Åshild.

- Så var det fint at utøvarane heia på kvarandre og sa fine ting om framføringane til kvarandre, seier Isak. -Det gjorde at me fekk sjølvtillit og ikkje vart nervøse.

- Det var også flott at ordføraren og heile formannskapet tok seg pause i møtet og fekk oppleva Matre-konserten. Eg trur dei likte det dei høyrde, smiler Sondre.

- Og publikum? Dei var heilt fantastiske!,  kjem det samstemt frå baksetet.

Dette skal me gjera meir av!

Som Vemund sa det så fint etter siste konsert:- No reiser me vidare ut i verda med ein gong! Knarvik senter neste?

Og resultatet av allsongkonkurransen?

Det vart slik:

Prisen for den vakraste allsongen gjekk til Sandnes skule.

Prisen for den kraftigaste allsongen gjekk til Nordbygda skule.

Prisen for den mest entusiastiske allsongen gjekk til Matre skule. (Her var det den utruleg livlege dansen kombinert med songen som gjorde utslaget.)

 

 

Tekst: Frank Kvinge

Foto: Ståle Daae

Web levert av CustomPublish